Norsk journalistlag har 126 medlemmer i Sogn og Fjordane. Desse er fordelt på NRK Sogn og Fjordane, åtte lokalaviser og eit
knippe frilansjournalistar. Mange av desse kan vere i streik når neste veke går mot slutten.
Hektiske førebuingar
Denne veka er det hektiske streikeførebuingar i dei lokale klubbane i fylket. Streikekomiteane skal oppdatere medlemslister,
skaffe streikelokaler, organisere meklingsvaker og førebu medlemmane sine på streik.
Meklingsvake i Førde
I Førde arrangerer NRKJ Sogn og Fjordane meklingsvake tysdag kveld. Der følger medlemmene møta hjå riksmeklingsmannen og gjer
dei siste førebuingane før ein eventuell streik. Fristen for semje mellom NRK og NRKJ er klokka 24 natt til onsdag 31.mai.
Følg oppgjera her:
http://www.nj.no/Tariffoppgjor_-_MBL/
http://www.nj.no/Tariffoppgjor_-_NRK/

