Av Ketil Tjore
Årets utgåve av stormen var den fjerde i rekkja, og dette året var den journalistfaglege samlinga flytta ut av Bergen og til Voss. Kring 150 journalistar var samla, frå små og store redaksjonar og frå dei fire fylka Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Mellom høgdepunkta i programmet var den etiske utfordringa laurdag, der ein fekk ta del i korleis tipset om ei flykapring fekk fart på ulike redaksjonar på Vestlandet. Også BT-journalist Frank Rossavik fekk fart på seminardeltakarane då han hevda at fusk og fanteri ikkje er så uvanleg som mange likar å tru.
Enkelte nekta å tru på falske sitat så lenge Rossavik ikkje var viljug til å namngje sine fuskete kolleger, medan andre nytta
høvet til å stå opp og bekjenna sine synder anten med sitat eller bilete. Som ein journalist fortalde om ei sak der ho og
fotografen hadde filma ein veg i ulike vinklar for å få den til å stå fram med ein dårlegare standard enn det den hadde: «Ein
kjem ikkje attende frå Solund utan ei sak».
![]() |
Kollegialt samvær på Voss.
Fra venstre: Kjetil H. Dale (TV 2), Christer Hoaas (BT), Sissel Husby (TV 2) og Trine Hvamb (TV 2)
Mango chutney
Linda Eide frå NRK hadde både alvorlege og morosame meldingar å koma med i sitt innlegg søndag, der ho mellom anna tok opp
det ho opplevde som nynorsk-angst i mange redaksjonar.Eide ba også journalistane i salen om å spørja til dei fekk eit konkret
svar, slik at ein kunne unngå abstrakt bla-bla som korkje lyttar, sjåar eller lesar klarar å festa seg ved.Linda Eide meistrar
teknikken godt sjølv også, alle som var med under festmiddagen søndag hugsar dei gode minna ho har om middagane mora trylla
fram med mango chutney frå Dyrdal Mat på Voss.
Studentar
Opprinneleg var det Bergen Journalistlag som tok initiativet til Hauststormen, saman med Haugesund journalistlag og Sogn og
Fjordane Journalistlag. Til stormen i 2006 vart også Møre og Romsdal invitert, og i tillegg til arbeidande journalistar frå
nordfylket kom det også ein liten gjeng med journaliststudentar frå Høgskulen i Volda.
Hauststormen har vorte arrangert i 2001, 2002, 2004 og no i 2006.


