Velkomen til Skei!

(27.10.11) No nærmar vi oss den store hausthelga på Skei. Vi i styret gler oss til å ta imot ein flott gjeng til fagleg samling, årsmøte og sosialt samvær!

Fredag 28. oktober vert det som varsla samling for dei tillitsvalde i klubbane. Der vil og styret vere tilstades, og vi trur på god kveik for dei som jobbar for løn og arbeidstilhøve i media i Sogn og Fjordane.

Laurdag oppmodar me alle til å koma i rimeleg god tid. Me innleiar det heile med ein felles lunsj frå 11.30 til 12.30. Deretter vil det gå slag i slag. Lars Løkkebø innleiar til paneldebatt om 22. juli-terroren, og i panelet vil vi mellom andre møte fylkesleiar i Ap, Nils R. Støyva og AUF-fylkessekretær Thor Mehammer.

Deretter vert det tradisjonen tru årsmøte, der vi mellom anna skal diskutere ei endeleg løysing på Alden-saka. Om årsmøtet godkjenner det, vil vi og leggje fram ei sak der vi legg opp til faglege "pub-samlingar" i dei tre fogderia. Her vil klubbane naturleg ha ei sentral rolle, og dette er noko NJ sentralt ønskjer.

Etter ei kort økt i dusj og påkledningsrom, møtest vi att til middag klokka 20.00. Skei Hotell har lovt oss god mat og god drikke, noko som legg ramma for ein kveld der prisutdelingar, humor og lokal musikk i toppklasse ventar oss.

Søndag føremiddag vert det arrangert grunnkurs i fototeknikk med Bent Are Iversen som innleiar. Her kan du lære skilnaden på blendar, lukkar og iso!

 

Vel møtt til alle!

 

Styret

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING