Velkomen til Turtagrø

(17.03.03) Laurdag 26. - søndag 27. april, det vil seie helga etter påske, må du som SFJ-medlem setje av med ein gong. Styret har som kjent bestemt seg for å legge vårseminaret 2003 til Turtagrø Hotell på Sognefjellet. I utgangspunktet er det plass til 50 stk, og det er først til mølla-prinsippet som tel. Bindande påmelding skjer til Geir Solheim før 24. mars, og allereie er det mange som har meldt seg på.

Send e-post til Geir Arne Solheim

Vi er på fjellet, (tomannsrom, firemannsrom, sovesal). I det lengste bruker vi tomannsrom. Vil du vere sikker på kven du vil ha som romkamerat, bør du alliere deg allereie ved påmeldinga, og skrive namnet på romkameraten.

Spennande tema


Tema vert, kanskje ikkje uventa; naturvern, kraftprisar, media si dekking av straumkrisa i vinter, alternative energikjelder, og kanskje ei overrasking.
Styret arbeider for tida med innleiarane, og finst det særskilde ønske blant medlemmene, er det berre å sende ein e-post. Mange av innleiarane er allereie på plass, og endeleg program vert sendt ut om kort tid.
Seminaret startar kl 12.00 laurdag, frå då av går det slag i slag utover.

Prisutdeling


Laurdag kveld vert det utdeling av pressepris og fotopris (send inn kandidatar no, frist er også her 24. mars), medan det på søndagen vert høve til å nyte naturvern i praksis og diskutere fag på eiga hand. Då vert det skiturar på eige ansvar eller med guide til Fanaråken/Store Ringstid, om ein vil bla opp av eiga lomme. SFJ vil ha minst mogleg byråkrati, så vil de ha guida tur, må de melde dykk på til Ole Dregni ved Turtagrø Hotell i god tid. SFJ vil føreslå at ein samlar seg om Store Ringstind for å kanskje få ein god pris per hovud, men kvar enkelt gjer som ein vil.

Alternativt kan ein berre slappe av framfor peisen, eller reise tidleg heim.
Under årsmøtet 2002 kom det innspel om at SFJ burde kople seminar med naturopplevingar eller kulturopplevingar, og bryte rekka med vanlege "hotellseminar". Styret tykte innspelet var godt, og har for 2003 satsa på natur.

Vi legg i utgangspunktet ikkje opp til eigenandelar, men kvar enkelt dekkar reisa si sjølv. Skjønt ikkje klubbleiarane. Dei har plikta oppmøte til tillitsrådsmøte fredag kveld, og får alt dekka. Kan du ikkje møte, må du sende nestleiarane eller ein annan vara.

Vel møtt!

Helsing
Jon H. Sørland, leiar
Florø 2. mars 2003




Idium webpubliseringWEBPUBLISERING