Vi treng innspel til temakveld og vårseminar

(16.12.10) Kva journalistiske tema ønskjer du å høyre meir om?

Sogn og Fjordane Journalistlag planlegg ein temakveld med føredrag/debatt ein kveld i løpet av vinteren. Stad og tidspunkt er førebels ikkje fastsett, men styret vil gjerne ha innspel på tema medlemmene ønskjer å høyre meir om.

Rundt påsketider er det også klart for det tradisjonsrike vårseminaret. Stad og tid blir fastsett i løpet av januar.

Også her treng ønskjer styret innspel på debattema og føredragshaldarar.

Har du idéar og meiningar om dette, send ein uformell e-post til karin.flolo@firda.no .

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING