Få journalistar i fylket har så langt søkt om gravestipendet vårt. No utvidar vi søknadsfristen fram til 20.mars og vonar at fleire nyttar høvet til å søkje midlar til prosjekta sine.
Frikjøp frå jobben
Årbok-stipendet kan gje deg høve til frikjøp frå jobben slik at du kan gå eit tema nærare etter i saumane. Elles er det sjølvsagt lov å søkje på alle typar prosjekt som fell innafor vedtektene til stipendet.
Eit ope stipend
Det vert i utgangspunktet delt ut fem stipend. Hovudregelen er at dei som leverer bidrag til den nyaste Årboka for Sogn og
Fjordane kan søkje på stipend. Eit av stipenda er ope for alle medlemmer av Sogn og Fjordane Journalistlag. Det betyr at dersom
juryen finn ein søknad på ”ope stipend” god nok, kan det delast ut eit stipend til ein ikkje-bidragsytar.
Hugs å merke søknaden din dersom du ikkje er bidragsytar med at du søkjer på ”ope stipend”.

