Vil du bli fylkesleiar

(12.09.08) Leiar i Sogn og Fjordane journalistlag, Stian Sjursen Takle, har takka nei til attval. Dermed jaktar valkomiteen no på den neste leiaren av fylkeslaget.

Mangel på tid
- Årsaka til at eg gjev meg er mangel på tid. Eg er engasjert i alt for mange ting nett no. Dette gjer at eg ikkje får bruke så mykje tid på verva mine som eg har lyst til. Eg er alt for flink til å sei ja til nye ting, men er no nøydd til å seie litt nei også. Difor takkar eg no for meg etter fire år i fylkesstyret. Men det er ikkje med lett hjarte, for det har vore fire lærerike og givande år. Det seier Stian Sjursen Takle til Bratte Bakkar.

Leitar etter leiar
Ingunn Osland i valkomiteen jobbar no for å finne den nye leiaren av Sogn og Fjordane journalistlag. Dersom du har innspel kan du nå ho på ingunn.osland@firda.no . Den nye leiaren vert valgt på årsmøtet til journalistlaget som vert arrangert på www.hauststormen.com 27. september.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING