Vil me ha politisk streik som kampmiddel?

(10.02.04) NJ har sendt spørsmålet om bruk av politisk streik som kampmiddel ut på høyring med frist til 1. mars. Debatten skjer i etterkant av rabalderet som oppstod i saka om mellombels arbeidskraft på landsstyret 4. november. Det vart då stilt spørsmål om det er rett for journalistar å bruke politisk streik som verkemiddel og framgangsmåten til NJ-leiinga.

Sogn og Fjordane Journalistlag skal sende uttale om saka innan 1. mars. Me ber difor klubbleiarane ta spørsmålet opp med sine medlemer og gje oss tilbakemelding. Spørsmål de bør ta stilling til er om NJ skal bruke politisk streik som verkemiddel, og kva skal i tilfelle til for at me skal ta det i bruk? Bør det lagast generelle reglar for når politisk streik skal brukast som politisk kampmiddel, eller er det opp til organisasjonen å gjera konkrete vurderingar i kvart tilfelle? Skal det vera opp til landsstyret å avgjera, og skal kvar medlem stillast fritt til å delta? Går ein politisk streik utover vårt truverd som journalistar, eller skal me heller nytte journalistrollen for å få fram problemstillingane me vil setja fokus på?

Innspela kan sendast til lks@sognavis.no før måndag 23. februar.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING