Hauststormen

Hauststormen er Vestlandets største journalistkonferanse som samlar nærare 200 journalistar og redaktørar på Voss annakvart år. Haugalandet, Hordaland, Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal er dekningsområdet vårt.

Hauststormen 2010 blir den sjette konferansen i rekkja.

Arrangørar er Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening.

Tidlegare har Hauststormen blitt arrangert på Grieg Suitell ved Bergen, men i 2006 vart den flytta til Park Hotel på Voss.

Det faglege er sjølvsagt viktig, og held eit høgt nivå. Men vel så viktig er det sosiale. Det å møte gode kollegaer frå heile Vestlandet på eit uformelt vis. Tilbakemeldingane tyder på at dette er ein viktig bit for deltakarane.

Heimesida vår er www.hauststormen.com 
Men me er og på Facebook - www.facebook.com/hauststormen
og Twitter - www.twitter.com/hauststormen