Ressursbank

Her er nokre saker og tema tillitsvalde ofte må forholde seg til. I staden for å pløye marka ein gong til, kan ein gjere nytte av dei erfaringane andre har gjort og den kunnskapen andre tillitsvalde har fått. Under finn du ein del saker og tema. Vi tar gjerne i mot tips om ting som burde vore på lista. NRKJ-kontoret har kompetanse innan alle område og kan sjølvsagt kontaktast. Men bruk også kompetansen vi har ute i organisasjonen!

Vikarar

Døme på problemstilling: Inngåing av vikariat, forlenging og avslutting. Generell handsaming av vikarar.
Ressursar: Jan Børge Leirvik (Hordaland), klubbane i Dagsnytt og Dagsrevyen.

Gravide vikarar

Døme på problemstilling: Kan vikariat forlengast til etter permisjonen? Generell handsaming av gravide vikarar.
Ressursar: Dagsnytt-klubben (Elin Solvang)

Arbeidstid og turnus

Døme på problemstilling: Kor mange timar pause må det vere mellom to vakter? Kor mange helger kan ein jobbe kvart år? Turnusdrøftingar og overtid.
Ressursar: klubbane i Dagsnytt og Dagsrevyen.

Nedbemanning

Døme på problemstilling: Korleis forholde seg til varsel om nedbemanning, korleis opptre i forhold til leiinga, korleis ta seg av medlemmane osv. Generelle spørsmål knytt til nedbemanning.
Ressursar: Stein Eide (Kultur) og Lars Toverud (Fakta)

Permisjon ved adopsjon

Døme på problemstilling: Har ein rett til same permisjonar ved adopsjon som ved fødsel?
Ressursar: Jørgen Aune Hagen (Tyholt-klubben)

Samanslåing av redaksjonar

Døme på problemstilling: Prosess og resultat under og etter samanslåing. Organisering av klubbarbeidet etter fullført samanslåing.
Ressursar: Richard Aune (Østafjells), klubbane ved NRK Hedmark og Oppland, NRK Trøndelag og NRK Troms og Finnmark.

Homofili og arbeidsliv

Lovverk, adopsjon, permisjon osb.
Ressursar: Jørgen Aune Hagen (Tyholt)

Lønnssamtaler

Klubber som har jobbet lenge med å gi veiledning til medlemmer som vil diskutere lønna si med ledelsen er Dagsnytt og Kultur.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING