Hallgeir Opedals oppskrift på det gode portrettintervju

(10.02.06) Les korleis den kjende portrettskribenten Hallgeir Opedal jobbar. Odd Kåre Grøttland i Haugesunds Avis har laga eit referat frå Opedals framstilling på Stord. Her finn du også to døme på porterttintervju frå Opedal si hand. Les og Lær! (Foto: Harald Nordbakken)

Referat frå årsmøtet 2007

(18.09.08) Her kan HJ-medlemmane sjå tilbake på kva årsmøtet vedtok i november 2007

Klart for sommarfest

(02.06.08) Sett av datoen fredag 13. juni. Då arrangerer HJ sommarfest på Visnes på Karmøy. Me lovar rikeleg med mat frå havet.

HJ på landsmøte

(29.04.07) HJ's vesle delegasjon til NJ's landsmøte markerte seg ved å setja framlegg til tiltaksplanen som blei vedtatt. Her er leiar Thomas Førde og nestleiar Rosa Iren Villalobos i ferd med å utforma eit framlegg til landsmøtet.

Tillitsråd i Tysvær

(06.04.04) I forkant av medlemsmøtet 22. april, kallar styret i HJ klubbleiarane i lokallaget inn til tillitsråd.

På dagsorden til dette møtet er sjølvsagt det tilstundande tariffoppgjeret.

På møtet vil alle tillitsvalde få informasjon om kva som denne gongen vert det avgjerande i krava frå NJ.

Styret i HJ oppmodar alle tillitsvalde som er tilslutta lokallaget til å stilla opp på dette møtet. Det går føre seg i Tysvær rådhus og byrjar klokka 1730, det vil seia ein og ein halv time før det annonserte medlemsmøtet vårt.



Ditt gode bilde kan ta prisen

(09.12.07) Men først må du senda dine beste bilde til HJ si årlege tevling om Fotoprisen. Fotoprisen er på kr. 5000. For første gong i fjor blei alle dei beste bidraga til Fotoprisen sendt rundt på vandreutstilling i dsitriktet. Dette kan bli ein del av heiderspremien også i år.

Dobbel Journalistpris i år

(09.12.07) I år fleskar HJ til med dobbel journalistpris. Det vil seia 2 x kr. 5000 skal delast ut i prispengar. HJ-styret opppmodar dermed til bidrag frå alle kanalar og plattformer, multimedielle bidrag, nettpubliserte innslag og bidrag med levande lyd og bilde vil juryen setja stor pris på i tillegg til trykte avisreportasjar og artiklar. Prisen skal delast ut under festmiddagen i Skånevik lørdag 2. februar

Vinterkonferanse i Skånevik 1. - 3. februar 2008

(27.11.07) Sett av første helga i februar. Då blir det vinterkonferanse på Skånevik Fjordhotell. HJ-styret har nyleg hatt seminar på Skånevik Fjordhotell og tilrår alle medlemmene å reisa dit. Fra venstre Bjarte Amble, Eli Osland, Thomas Førde, Marte Rommetveit, Rosa Iren Villalobos og Siri Handeland.

Hauststormen 2008 skal haldast på Voss 26. - 28. september

(25.11.07) Set av helga alt nå!

HJ-samling på Lucia-dagen

(25.11.07) Torsdag 13. desember samlast HJ-medlemmene til pepparkaker og gløgg på Lothes i Haugesund fra kl. 20.

Dette vil HJ tilby i 2007/2008

(08.11.07) Et fyldig arbeidsprogram ble vedtatt under årsmøtet. Det nye arbeidsåret kan starte med julegløgg før det blir vinterkonferanse 1.-3. februar, debattmøter, tillitsråd, lønnsoppgjør, sommerfest og Hauststorm.

Gjenvalg av HJ-styret

(08.11.07) Hele styret i HJ ble gjenvalgt under en vellykket årsmøtekveld mandag 5. november

Årsmelding for HJ i 2006/2007

(05.11.07) Her finn du styret si melding til årsmøtet om alle aktivitetar i året som gjekk og om stoda i lokallaget vårt.

Årsmøte med debattmøte etterpå

(23.10.07) HJ's årsmøte skal haldast mandag 5. november kl. 18 i Hotell Rica Maritim i Haugesund. Etter årsmøtet skal Arne Jensen fra Norsk Presseforbund snakka om den nye Offentlighetslova og belysa den med lokale døme på avslag etter krav om innsyn. Tre retters middag avsluttar kvelden for alle HJ-medlemmer som stiller opp.

Dårleg teikn med for høg valdeltaking

(01.10.07) -Eg ville ikkje ha likt å bu i ein kommune med ekstremt høg valdeltaking. I ein slik kommune vil konfliktnivået også vera ekstremt høgt, sa valforskar Frank Aarebrot under HJ's debattmøte.
(Foto: Lise Marte Vikse Kallåk)

Valkamp berre for halve folket?

(18.09.07) Hausten startar i HJ med debattmøte. Frank Aarebrot har lova å koma til Haugesund torsdag 20. september for å snakka om eit kommuneval der snaut 60 prosent av veljarane deltok

Interessant og uviss medie-kvardag

(05.11.06) Debattmøtet etter årsmøtet i Haugesund journalistlag gav interessante innblikk i soga bak Mecom sitt oppkjøp av Orkla Media og arbeidet som går føre seg med å samla Aftenposten, Bergens Tidende, Adresseavisa og Stavanger Aftenblad i konstellasjonen Media Norge. Debattpanelet meinte at lokaljournalistikken også ville stå sterkt i framtida.

Årsmelding for HJ 2005/2006

(05.11.06) Medlemstalet i HJ er i vekst. Siste året auka medlemstalet med nær 13 prosent. Medlemstokken tel nå 98. Målet for HJ i komande arbeidsår er å passera 100 medlemmer, jo før jo heller.

Fotopris til Junger og Amble

(30.01.05)

Referat frå årsmøtet 2006

(05.11.06)

Dette vil HJ tilby i 2007

(01.11.06) Arbeidsprogrammet for 2006/2007 ble enstemmig vedtatt på åtrsmøtet

Årsmøte og debattmøte 25. oktober

(19.10.06) Hvordan blir framtida vår? Usikre jobber og uniformerte aviser når store deler av avis-Norge skal sentralstyres gjennom to konsern? Dette skal debatteres kl. 19.30. men vi starter med årsmøte kl. 18.00 på Hotell Rica Maritim i Haugesund.

Innkalling til tillitsråd

(27.04.06) Torsdag 4. mai kl. 17.30



I Rica Maritim Hotell i Haugesund.

Journalistikk til salgs?

(27.04.06) *Er journalistikken i bilag og temasider regissert berre som innsats i pengemaskinar?
*Trør journalisten her over presse-etiske grenser mellom tekstreklame og redaksjonelle uavhengigheit?

*Etter mange år med presse-etiske øvingar og jakt på overtramp i høve til tekstreklame; er me blitt flinkare?


Bli med og diskuter dette i HJ torsdag 4. mai kl. 19.00.

Magasinmedisin for Dagbladet

(03.02.06) Lars Helle snakka seg god og varm om Dagbladet si magasin-satsing under Stord-konferansen. (Foto: Harald Nordbakken)

Pressemannen på lesarane si side

(03.02.06) Terje Angelshaug er lesarombod i Bergens Tidende. Han er lesarane av avisa si vaktbikkje, og bjeffar til når storavisa gjer overtramp. Under Stord-konferansen fortalde han om sitt virke.

Haiku frå Horvei underheldt

(02.02.06)

Prisras for Silje Andvik Hoaas

(31.01.06) Ei overvelda og glad Silje Andvik Hoaas vann to prisar for journalistisk arbeid og foto under Stord-konferansen. Her i lag med prisutdelar Bjarte Amble. (Foto: Per Egil Larsen).

Nordbakken vann med "12. mann på laget"

(31.01.06) Glade vinnarar av fotoprisen saman med sine beste bilde. Silje Andvik Hosaas og Harald Nordbakken. (Foto: Per Egil Larsen)

Stabilt regime i HJ

(05.11.06) Få utskiftingar i styret i HJ etter årsmøtet. Thomas Førde blei vald til leiar for eit nytt år. Kasserar Eli Osland tok også attval. Einaste utskiftinga i styret er at Bjarte Amble rykker opp frå 1. varamannsplassen medan Nils-Tore Sele takka nei til attval etter tre år som skrivar.

2006 blir særs nnhaldsrikt

(26.10.05) HJ's handlingsplan for komande arbeidsår. Planen blei vedteken på årsmøte torsdag 27. okt.

Nett-eksplosjonen er nær

(30.10.05) Papiravisene vil leva godt i mange år framover, men nettavisene blir stadig viktigare. I dag er mange papiraviser sine nettaviser oppsiktsvekkande dårlege. Dette var nokre av konklusjonane etter HJ sitt debattmøte torsdag 27. okt.

Attval til styret i HJ

(30.10.05) Thomas Førde blei attvald som leiar i HJ for eit år. Dei andre styremedlemmene, som var på val tok også attval. Det gjeld Rosa Villalobos, Nils-Tore Sele og Harald Nordbakken.

Kannibalisme på desken?

(24.10.05) Vil auka satsing på nettaviser ta livet av journalistjobbar i papiravisene? H.J. inviterer til debattmøte, kl. 19.30, starks etter årsmøtet torsdag 27. oktober på Rica Maritim Hotell i Haugesund.

Valkomiteens innstilling til styre og stell

(26.10.05) Valkomiteen innstiller på attval til alle verv i styret. Men på varapalassane gjer valkomiteen framlegg om nye namn.

HJ-styret vil at redaktøransvaret også skal gjelda nettdebattar

(25.10.05) Her kjem HJ-styret si fråsegn i samband med utkast til ny Vær Varsom plakat

Framlegg til HJ's nye vedtekter

(24.10.05) HJ treng vedtekter. Her er styrets framlegg, som skal handsamast av årsmøtet torsdag 27. oktober

Deltakar-liste for årets Stord-konferanse

(24.01.05) Sjå namna på alle dei som har meldt seg på til årets Stord-konferanse. Dette blir moro.

Sommarfest 4.juni

(17.03.04) I år vert det Sommarfest i HJ-regi 4. juni. Me startar opp med eit seminar om krisejournalistikk i forkant av festen. Svein Arthur Kallevik vert føredragshaldar. Kallevik er aktuell med bok om journalistar som kjem opp i krisesituasjonar. Aktuelt for oss alle, anten me arbeider i små eller store redaksjonar. Styret i HJ oppfordrar alle til å melda seg på eit uhyre interessant, og vonleg lærerikt seminar, og ikkje minst hyggeleg og sikkert sosialt utviklande Sommarfest etterpå.

I år vert Sommarfesten halden i lokala til Kjemiske ved Alnor. Lovnaden om båttur står ved lag.

Det vil koma meir detaljert informasjon om dette arrangementet seinare på heimesida vår. Følg med, følg med!



Medlemsmøtet vert i Tysvær

(17.03.04) Medlemsmøtet i HJ 22. april, vert halde i Tysvær. Tidspunkt er klokka 19 på kvelden, og stad vert kommunestyresalen i rådhuset. Her er det god plass, og me vonar på stort oppmøte.




Val av klubbstyre i Haugesunds Avis

(24.10.05) Joar Grindheim held fram som leiar av styret i redaksjonsklubben i HA

Fra Landsstyret til HJ's tillitsråd

(19.01.05) Astrid Dalehaug Norheim er medlem av landsstyret i NJ. Ho blir med under HJ's tillitsråd på Stord søndag føremiddag.

Presseprisen til Solveig Frøynes

(30.01.05) Haugesund Journalistlags pressepris blei lørdag tildelt tidlegare leiar i Alnor Kjemiske Fagforening, Solveig Frøynes.

Velkommen til HJ’s sommarfest og miniseminar

(27.05.04)

Velkommen til HJ’s sommarfest og miniseminar

Enten du nettopp har gjennomført ein vellukka streik, skulle bli tatt ut i streik eller berre venta på streikevarsel, er du like velkommen til HJ’s årlege sommarfest. Nå skal me få litt fagleg påfyll for deretter å kunne gle oss og festa i lag.

Først skal me samlast til mini-seminar om journalistars tilnærming til og handtering av ulukker og kriser.

Stad: AKF-huset. (For dei som vil ta seg fram til fest-/møte-lokalet på eiga hand: Køyr Rv 47 sørover langs Karmøy. Følg skilt til AKF-huset fra Vorrå.

Tid: Fredag 4. juni kl. 19.00

Transport: Minibuss har avgang fra Flotmyr (rutebilstasjonen i Haugesund) kl. 18.30

Program: Kl. 19. 00 – 20.30: Miniseminar.

Journalist og forfattar Sven Arthur Kallevik innleier

om journalistar som skal dekka ulukker og katastrofer

Spørsmål og debatt.

Kallevik kjem i haust ut med bok om dette emnet.

Kl. 20.45 – 22.20: Koldtbord med vin, øl og mineralvatn attåt

Bordet vil bugna av protein frå sjø og land i tillegg til feitt

og grønt.

Kl. 22.25- 22.55: Allsong. Bjarte har lova ta med trekkspel og bruka det. Me

andre må lova å syngja til.

Kl. 22.55 – 23.05: Gruppearbeid med presentasjon i plenum.

Kl. 23.10- 00.35: Musikk som kan dansast til, enten einsam, i gruppe eller som

par.

Kl. 00.35 – 01.05: Fri leik

Kl 01.10-01.20: Samla dykk til heimreis med minibuss/taxi

Retur-transport: Til Haugesund med minibuss/taxi

Overnatting: Me reserverer hotellrom i Haugesund til dei som måtte ha trong for det.

Trongen blir behovsprøvd av HJ-styret.

Pris: Eigendel kr. 100 per deltakar. Betalast ved inngang til festlokalet.

Påmelding: Innan tirsdag 1. juni kl. 22.50. Til: Nils Tore Sele, e-post: nils.tore.sele@sunnhordland.com .Mobiltelef.:98 24 20 15, eller til:

Thomas Førde, e-post: thomas.forde@aftenbladet.no , Mobiltlf. 95 88 63 76 .

P.S. Hugs å sei i frå ved påmelding om du treng ovrenatting til lørdag og om du blir med i fellestransport til og frå AKF-huset.

Beste helsing

HJ-styret

Ved Thomas Førde

 



Kritisk kulturjournalistikk også for mindre redaksjonar?

(19.01.05) Einaste kulturjournalisten i avisa Firda i Førde, Katrine Sele, fortel lørdag 29. januar på Stord om korleis ho jobbar.

Fra NJ til Småbrukarlaget

(19.01.05) Ketil Heyerdahl fra NJ's sekreteriat, blir i år som i fjor ei av dei fremste gjestestjernene under det uoffisielle årsmøtet i HJ's Småbrukarlag på Stord fredag 28. og lørdag 29. januar.

Møte mellom media og maktene

(19.03.04) Sett av 22.april til medlemsmøte i HJ. På programmet er spennande debattkveld om Offentleglova og Kommunelova. Media og maktene møtest. Kva gøymer makta? Er journalistane for lite flinke til å opna stengde dører?

I tillegg til alle våre medlemer på Haugalandet, Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke, inviterer HJ til dette møtet alle ordførarar og rådmenn i regionen. Dette er ein debattkveld som bør fenga oss alle, likegyldig kva side av gjerdet me er på. Makta eller mediene.

Føredrag med fagleg tyngde

Cand. jur. Ina Cath. Lindahl frå Norsk Presseforbund stiller som innleiar. Ho er spesialist på presserett og sekretær i offentlegutvalet til presseforbundet. Lindahl skal snakka om emnet: Kor ope er eigentleg kommune-Noreg?

Ho tar for seg offentleglova og kommunelova og peikar på kvar skoen trykkjer - både for dei styrande og oss som er sett til å formidla det som skjer.

Lukka debatt på internett

Etter Lindahl, er det tid for debatt og duellar mellom journalistar og maktmenneske. Me tar for oss to døme frå vårt område i denne debatten. Bømlo kommune vil oppretta chatterom på internett for medlemene i formannskapet. Rådmann Sverre Olav Svarstad møter redaktør Stein-Erik Ovesen i BØMLO-nytt til debatt om dette. Gjer kommunen dette for å unngå møteoffentlegheit?

Open eller ikkje?

Det andre dømet er Karmøy kommune. Er den verkeleg så open og offentleg som kommuneleiinga vil ha det til? Rådmann Arnt Mogstad må svara for seg i møte med NRK-journalist ved haugesundskontoret, Harald Dale.

Møtet går føre seg i kommunestyresalen i Tysvær rådhus. Det heile startar klokka 19 på kvelden. I tillegg til opplysande føredrag og spennande debatt står også litt mat på menyen.



Vårprogrammet på plass

(27.02.04) HJ har no lagt klare detaljane for kva som skal skje av arrangement og møteverksemd utover våren og forsommaren.

22. april vil HJ skipa til medlemsmøte i Haugesund. Her skal me setja Offentleglova under lupa. Me vil koma attende med meir detaljert informasjon om arrangementet seinare. Det som er klart, er at Ina Cath. Lindahl, organisasjonssekretær i Norsk Presseforbund blir med oss.

Sommarfesten vert i år anten 11. eller 18. juni. HJ-styret ynskjer å samla våre medlemer i mindre redaksjon til eit lite kurs, som ei vidareføring av det som skjedde under seminaret på Stord. Meir detaljar kjem seinare om program og stad for Sommarfesten. Mogleg får me oss ein båttur...

 



Førde reiser på landsråd

(17.03.04) Leiar Thomas Førde i HJ skal avgarde på møte i Landsrådet i NJ i veka som kjem, nærare bestemt 22.-23. mars. Landsrådet er samling av alle lokallagsleiarar i NJ.
Han er interessert i tilbakemeldingar frå medlemene om kva han bør ta opp.
- Viktige tema er tariffoppgjeret, politisk streik og ny organisasjonsform innan NJ, seier Førde.
Har nokon innspel, kan Førde nåast på epostadresse thomas.forde@aftenbladet.no




Alex Iversen hovudinnleiar om Reality-TV

(19.01.05) Han er stipendiat ved Høgskulen på Lillehammer og skriv nå avhandling om Reality-TV.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING