(08.06.06) Klokka 08 i dag tidleg spasserte NRK-journalistane inn døra til NRK Sogn og Fjordane igjen. Etter åtte dagar med streik, vart partane samde om ei avtale i natt. Klokka 09.03 var første sending på lufta. Utover dagen går sendingar og nettoppdatering som normalt. Det vert også Vestlandsrevy i kveld på NRK1.
(08.06.06) Streiken er slutt klokka 0800 torsdag 8.juni. 14000 flatt, 17100 i snitt. Alle møter til normal tid, eller etter vaktplanen frå klokka 08.00. Denne meldinga er nett komen frå NRKJ.
(07.06.06) NJs landsstyre er innkalla til møte klokka 23.30 i kveld. Temaet er NRK-streiken, men meir vil ikkje NJ-leiinga opplyse om.
(07.06.06) Etter at Dagens Næringsliv sine nettsider i kveld fortalte at det er lagt fram ei skisse i NRK-oppgjeret, har det vore mange spekulasjonar om at streiken går mot slutten. Beskjeden frå streikeleiarane er; ver roleg og vent på beskjed. Du er framleis i streik, inntil du får annan beskjed. Det seier streikeleiar i NRKJ Sogn og Fjordane Terje Gilleshammer. Bratte Bakkar kjem tilbake med meir, dersom noko skjer.
(07.06.06) Det var god musikk, mat, streikeappell og humor på streikekonserten til NRK-journalistane i Førde tirsdag. Kulturlivet stilte
opp og støtta lønskampen. Publikum storkoste seg i sommarvarmen som endeleg er komen til Vestlandet.
(07.06.06) -Her er ei sann historie frå i dag tidleg då Geirmund Henjum her stod på streikevakt. Då kom der ein kar bort og sa , her har dåkke pengar til kaffe, vi saknar dåkke og støttar dåkke. Dette sa streikesjef for NRK-journalistane i Sogn og Fjordane i sin streikeappell under konserten i Førde 6.juni. Her kan du lese heile appellen.
(06.06.06) Klubbleiarane i avisene i Sogn og Fjordane gav si fulle støtte, då dei deltok på streikemøtet til NRK-journalistane i Førde
i dag.
(06.06.06) - Mandag ettermiddag kom det eit nytt tilbod frå NRK. Tilbodet var et godt utgangspunkt for å forhandle om krava våre. Men Bernander ville ikkje forhandle. Han ville tvinge oss. Derfor held streiken fram, konkluderte Leif-Kjartan Bjørsvik på streikemøtet i Oslo 6. juni.
(06.06.06) Etter ein velfortent pinseferie var streikevaktene på plass igjen utanfor NRK-huset i Førde i dag. Samstundes er førebuingane
til ettermiddagens store streikekonsert utanfor Førde Torg starta.
(02.06.06) Trass ein vestlandsommar av det tradisjonelle slaget, med pøsande regn, marsjerte dei streikande NRKJ-journalistane gjennom
Førdegatene i dag. Dei tromma, gjekk på ski og skapte stor stemning. I eit opptog du sjeldan ser i Sunnfjord, fekk journalistane
klart fram kvifor dei streikar. Etter opptoget var det streike"sending" frå handelshuset.
(03.06.06) Det vert ikkje streik i avisene. MBL og NJ vart i natt, tre timar på overtid, einige om ein ny avtale. Klubbleiar Jon Sørland i Firdaposten gratulerer partane i avisoppgjeret med pensjonsresultatet etter den vellykka meklinga. I forhold til kronekravet til journalistane er Sørland litt meir avdempa.
(02.06.06) I Florø er det i kveld meklingsvake i Firdaposten. Fem journalistar følger spent med på signala frå Riksmeklingsmannen som
meklar mellom NJ og MBL. Meklingsfristen er midnatt, og signala er gode. Men klarar ikkje Riksmeklingsmannen å få partane
til å bli einige, blir det avisstreik. Då blir det slutt på papiraviser her i fylket.
(01.06.06) Tysdag 6. juni klokka 16.00 blir det stor streikekonsert i Førde sentrum. Oddvar Torsheim, Synnøve Bjørset og Ole Johannes
Øvretveit er mellom namna du får oppleve på scena utanfor Førde torg. Alle journalistar i Sogn og Fjordane er invitert til
å delta. Det er sjølvsagt også alle andre som ønskjer informasjon om streiken. Det blir god underhaldning, streikeinformasjon
og litt godt å bite i.
(31.05.06) Her finn du streikevaktlista for NRKJ Sogn og Fjordane. Vaktene startar klokka åtte om morgonen, og varer i to eller to og
ein halv time kvar. Siste vakt sluttar klokka 17.00. Vi utvider tidspunkta dersom det skulle vere behov. To og to streikevakter
står ved hovudinngangen til NRK-huset i Førde.
(02.06.06) Dei streikande NRK-journalistane får støtte frå inn og utland. Fredag kveld leverte P4 blomar på døra, tidlegare på dagen fekk vi støtte frå journalistar i Sverige, Finnland, Dannmark og Storbritania. Fagforeningar i heile landet sender oss også støtte.
(02.06.06) -Bernander nektar oss feriepengane våre. Dette er småleg og skurkaktig og eit døme på kva vi har å stri med. Vi må vere budde på ein lang streik, sa NRKJ-leiar Leif-Kjartan Bjørsvik til streikande journalistar i Kulturkirken Jakob fredag 2. juni.
(01.06.06) Vi er kraftig provoserte over måten kringastingssjef John G. Bernander har møtt dei streikande i NRK på. Sjefane i NRK sentralt sender sjølve nyhendeoppdateringar kvar time. Det skriv dei streikande NRK-journalistane i dette lesarinnlegget.
(01.06.06) Det er småleg av Bernander å gjere seg så stor for så lite. Det sa radio og tv-lyttarar i Stryn, som i dag gav streikande
NRKJ-journalistar god støtte. Dei som møtte streikande journalistar i turistbygda, sa også at dei sakna lokalsendingane frå
NRK Sogn og Fjordane.
(01.06.06) – Avstanden var for stor, sa riksmeklingskvinna Merethe Smith onsdag då NRK-streiken starta. NRK-journalistane kravde same
ferieordning som dei andre journalistane i Norsk Journalistlag (NJ). Slik startar dette lesarinnlegget frå leiaren av Sogn
og Fjordane journalistlag.
(01.06.06) - Det er mange her i Høyanger som seier dei sakna Fylkesnytt i dag tidleg, fortel Kjellrun Lavik.
(01.06.06) - Eg trur det må vera nærare 80 % som har stoppa og lytta interessert til det me har å fortelje, seier Geirmund Henjum. Men
NRK-journalistane har også fått kjeft.
(31.05.06) Torsdag 1. juni reiser NRK-journalistane fylket rundt for å fortelje om bakgrunnen til streiken i NRK. Det blir tur mellom anna til Stryn, Florø, Førde, Måløy, Sogndal, Nordfjordeid og Høyanger.
(31.05.06) No er det stille frå NRK Sogn og Fjordane. Årsaka er at journalistane ser seg nøydde til å gå til streik. Det er 13 år sidan
sist NRK-journalistane streika sist, men no føler vi utviklinga har gått feil veg dei siste åra. Difor seier vi no ifrå. Les
pressemeldinga frå NRKJ Sogn og Fjordane. På bildet ser du streikevaktene Kjell Arvid Stølen og Per Kristian Grimeland.
(31.05.06) Det blir streik i NRK frå klokka 15.01. Meir informasjon kjem utover dagen. Følg med!
(31.05.06) Det er framleis ikkje kome avklaring i meklinga mellom NRK og NRKJ. Partane har no forhandla nærare 12 timar på overtid.
(31.05.06) Meklingsmann Merete Smith har framleis ikkje lagt fram nokon skisse i meklinga mellom NRK og NRKJ. Avstanden mellom partane skal enno vere svært stor. Difor er faren for streik i NRK enno overhengande. Alle journalistar går på jobb som vanleg i dag, inntil det blir ei avklaring på om det blir streik eller ikkje.
(31.05.06) Meklingsmann Merete Smith seier NRK-meklingane framleis er vanskelege, men ho håpar likevel å kunna leggja fram ei skisse til avtale før klokka 03.
(31.05.06) Klokka har passert midnatt, og siste melding frå Riksmeklingsmannen er at det kjem til å ta enno eit par timar. På meklingsvaka
har Terje no servert Pizza og leiaren i Sogn og Fjordane journalistlag, Jon Sørland, har vore innom og piffa opp stemninga.
(30.05.06) Ved NRK Sogn og Fjordane er streikevaka i gang. I kantina følger journalistane den spennande meklinga hjå riksmeklingsmannen
sitt kontor. Stemninga og streikeviljen er stor rapporterer streikekomiteen som serverer vaflar, snaks og pizza. Du kan følge
meklingsvaka her på nettsidene utover kvelden og natta.
(30.05.06) Sogn og Fjordane journalistlag set av kr 4000 i samband med vårens lønsoppgjer for å mobilisere styrkane i samband med ein
eventuell streik. Pengane skal gå til gjennomføring av streikevaker for alle medlemmene. Alle journalistar i NRK og i avisene
i Sogn og Fjordane kan kome til å gå ut i streik denne veka. Bildet er av Ivar Longvastøl ved førre avisstreik.
(29.05.06) NRKJ inviterer medlemmene sine til meklingsvake i Førde tysdag 30. mai. NRK-journalistane skal følge innspurten i meklinga
og gjere seg klare til ein eventuell streik. Meklingavaka startar klokka 20.00 i kantina på NRK Sogn og Fjordane. Nestleiar
Sjursen(bildet) steiker vaflar og leiar Gilleshammer diskar opp med pizza til dei streikeklare journalistane.
(22.05.06) Neste veke er full av avgjerande og tøffe dagar. Både for NRK og avisene kan resultatet bli streik. Riksmeklingsmannen har
sett av fire dagar til meklingane. I NRK kan det bli streik frå onsdag 31.mai, i lokalavisene i fylket kan det bli streik
frå 2. juni.
(10.05.06) Onsdag inviterte NRKJ i Sogn og Fjordane medlemmene sine på grillmiddag og informasjon om forhandlingsbrotet med NRK. Nestleiar
i NRKJ Pål Hansen og Ragnhild Eikenes i forhandlingsutvalet seier faren for streik er overhengande.
(10.05.06) Det er sett av tid til mekling mellom NRKJ og NRK hjå riksmeklingsmannen frå 29.-30.mai.
(04.05.06) Torsdag kveld vart det brot i forhandlingane mellom NRKJ og NRK. NRK låg fram eit siste tilbod som NRKJ ikkje kunne akseptere.
No går lønsoppgjeret i NRK til riksmeklingsmannen, og NRKJ rustar til streik. Dato for mekling vil kome snart. Du kan følge
oppgjeret på nettsidene til NRKJ.