Aldenstipend 2003

(25.09.03) Har du lyst å realisere eit prosjekt, men har ikkje tid eller råd? Då kan SFJ gje deg sjansen.

Fotoprisen til Arne Stubhaug

(29.04.03) <br><b>Fotograf i Firda, Arne Stubhaug, er tildelt Sogn og Fjordane Journalistlag sin fotopris "Blinkskotet".</b><br><br>Prisen vart utdelt under ei samling i laget på Turtagrø laurdag 26. april 2003. Stubhaug er den første som får denne prisen.

Presseprisen 2002 for arbeid med Fylkesleksikonet

(28.04.03) Sogn og Fjordane Journalistlag sin pressepris for 2002 er tildelt Ottar Starheim og Arild Nybø. Prisen får dei for sitt arbeid med fylkesleksikonet.

Program for årsmøtet 2003

(17.10.03) Programmet for årsmøtet i Kalvåg er no klart.

Rift om Alden-stipen

(16.10.03) Det er stor intersse for Alden-stipenda i år. Styret har motteke åtte gode søknadar.

Program haustseminar

(15.10.03) Her er programmet for haustseminaret i Kalvåg 2003.

Slapt kommentatorfylke

(26.09.03) - Journalistikken i Sogn og Fjordane er ufarleg og uinteressant fordi journalistane er feige.

Stor programlekkasje

(28.03.03) Turtagrø Newsletter har, ut frå sikre kjelder, fått tak i materiale som kan likne på eit program for vårseminaret på Turtagrø. Vi vil trykke desse lekkasjane i sin heilskap i dagens utgåve av TN. - Eg har ingen kommentar til dette såkalla programmet, seier ein motviljug leiar i SFJ, Jon H. Sørland.

Fjolls til fjells

(25.04.03) TV2's Irak-korrespondent Fredrik Græsvik vil delta på Turtagrø-seminaret. Det styrkjar dermed mistanken om at ikkje berre Saddam Hussein og Osama Bin Laden er USA-agentar, men også TV2-reporteren. Kva skulle elles vere årsaka til at han forsvinn opp i fjella når USA inntok Bagdad? - Dette har eg ingen kommentar til, seier ein forvirra leiar Jon H. Sørland til Turtagrø News.

Kreativ bruk av teieplikta

(22.12.03) Friske organisasjonar har openheit. Sjuke organisasjonar har problem med innsyn når dei får søkjelys på seg. Konklusjonen kjem frå fylkeslege Petter Øgar, og vart formidla under seminaret «Tause tenarar - utidige journalistar».

Språkpris til Idun Husabø Anderssen

(15.12.03) Journalist Idun Husabø Anderssen er tildelt NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2003.

Hallo, folkens!

(03.10.03)

Kapteinen redd for medieomtalen

(18.12.03) Kaptein Arild Hårvik frykta han ville ha blitt uthengt i media om noko hadde gått galt då hurtigruteskipet Midnatsol fikk motorstopp i helga.

Deadline 1. april 2003

(20.03.03) Siste frist for påmelding til seminar og kandidatar til pressepris og fotopris...

Over 30 påmelde!

(21.03.03) Sogn og Fjordane Journalistlag har no registrert over 30 påmelde til vårseminaret på Turtagrø, og det heile to veker før påmeldingsfristen går ut. - Dette er utruleg. Journalistar plar som regel vente til like før deadline med å levere, seier ein overlukkeleg leiar Jon H. Sørland til Turtagrø Newsletter.

Frå Firda til Firdaposten

(09.12.03) Styret i Firdaposten har tilsett Svend Arne Vee som ny redaktør i avisa. Tidlegare redaktør Jan Atle Stang i Firdaposten er no redaktør i Firda.

Utan påhalden penn

(08.12.03) Hans Petter Martinussen frå Byrknesøy er journalist for Ytre Sogn i Gulen. Korleis er det å vera einsam journalist mellom holmar og skjer i konkurranse med Firda, Nordhordland, Strilen og Bergens Tidende?

Politiet treng media

(08.12.03) - Politiet er opptekne av å gje informasjon til pressa på ein god og ryddig måte. Dette er ein viktig kanal for å halde folk informert. Vi har jo felles interesser i å fortelje om oppklarte lovbrot og generelt gjere folk kjent med politiet sitt arbeid. og så får vi finne oss i at media er kritiske til det arbeidet vi gjer, seier Ronny Iden ved Fjordane politikammer.

Velkomen til Turtagrø

(17.03.03) Laurdag 26. - søndag 27. april, det vil seie helga etter påske, må du som SFJ-medlem setje av med ein gong. Styret har som kjent bestemt seg for å legge vårseminaret 2003 til Turtagrø Hotell på Sognefjellet. I utgangspunktet er det plass til 50 stk, og det er først til mølla-prinsippet som tel. Bindande påmelding skjer til Geir Solheim før 24. mars, og allereie er det mange som har meldt seg på.

Nybø vara til NRKJ-styret

(02.11.03) Arild Nybø (NRK Sogn og Fjordane) vart under årsmøtet i NRKJ valt til 1. vara i styret i NRKJ. Dette betyr at han vil møte fast på styremøta i NRKJ.

Ingunn Solheim til Kanal 4

(02.11.03) Tidlegare journalist i NRK Sogn og Fjordane, Ingunn Solheim, har meldt overgang til Kanal 4. Ingunn har den siste tida vore stasjonert som nyhendejournalist i Petre.

Redaktør inn i FrP

(02.11.03) Redaktør i Fjordabladet Anne-Mari Aalberg har meldt seg inn i Framstegspartiet. Den sjukmelde redaktøren meiner ikkje det er problematisk å kombinere dei to rollene.

Stikkord: Gardermoen

(08.12.03) - Så mange journalistar har eg ikkje hatt framføre meg på mange år. De er vel like utkråpne som før, tenkjer eg, sa Kjell Opseth til journalistane på fleirdagssamlinga i Kalvåg. ? Mykje hadde nok vore annleis her i verda, om det ikkje var for journalistar og media, meiner den røynde politikaren, som har hatt både-og opplevingar med pressefolk.

Timberlid ny redaktør i Sogn Avis

(02.11.03) Rune Timberlid er tilsett som ny redaktør i Sogn Avis. Han kjem frå stillinga som informasjonssjef i Lotteritilsynet.

Aalberg bør gjera eit val

(09.11.03) Fylkesleiar i Framstegspartiet Åge Starheim seier han er glad for at redaktør i Fjordabladet Anne-Mari Aalberg engasjererer seg i partiet. Sogn og Fjordane Journalistlag deler ikkje den same gleda over at ein lokalavisredaktør tek på seg eit politisk verv og flaggar ambisjonar om ein stortingsplass.

Stort overskot for SFJ

(18.10.03) Rekneskapen syner at Sogn og Fjordane Journalistlag går mot eit overskot på omlag 26.000 kroner i år. Rekneskapen blir lagt fram under årsmøtet i Kalvåg laurdag18. oktober 2003.

TV-sending som terapi i Irak-krigen

(27.09.03) 20. mars klokka 5.30 lokal tid braka det laust i Bagdad. På 30 sekund var journalistane påkledd, klar til jobb under dei mest krevjande arbeidsvilkår som er tenkjeleg.

Redaktørtilsetjinga i Firda

(27.09.03) Kvar er lagånda i A-pressen, spør Hilde Genberg (biletet).

Fem fekk Alden-stipend

(27.10.03) I år var det heile åtte søkjarar til Aldenstipendet &#8211; verdige alle som ein. Styret hadde ein tøff jobb med å finne ut kven som skulle få stipend i år. Vi landa til slutt på fem av dei åtte innsende, basert på reint juornalistiske årsaker.

Vår jobb, rett og plikt å undersøkje

(08.12.03) - Staten, det er vi, sa frilansar Gunhild Sindre ublygsamt på SFJ si fleirdagssamling på Kalvåg. ? Alle forvaltingsorgan er til for innbyggjarane her i landet. Som journalistar representerer vi innbyggjarane, og vi krev innsyn på vegne av dei. Mange i forvaltinga tykkjer det er utidig at vi kjem og rotar i sakene deira, men det er vår jobb, vår rett og vår plikt.

Skal sitte på ryggen til rådmannen

(08.12.03) God dag, kjære journalistar. Eg vel å seie dette no, for om eit år er det ikkje sikkert eg meiner det like varmt, spøkte nyeordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad (Ap). Med 33 års røynsle innan tele, elektro og data, veit Svarstad mykje om diskresjon og hemmeleghald. No skal han leie ein kommune som mange meiner kunne trenge det motsette. Det meiner i alle høve Svarstad sjølv.

Tause tenarar - Utidige journalistar

(27.10.03) Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO) i Sogn og Fjordane i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Journalistlag inviterer til seminar i Sogndal 26. november.

Stian Sjursen til NRK Hordaland

(04.11.03) Stian Sjursen har slutta i NRK Sogn og Fjordane og meldt overgang til NRK Hordaland. Stian sluttar i NRK Sogn og Fjordane julafta, og skal vere på plass i Bergen etter nyttår.

Off the record

(08.12.03) - Journalistar bør kontakte FO oftare. Det er ikkje alltid vi kan seie noko konkret, men vi kan fortelje ting på generelt grunnlag og formidle dykk vidare til fagpersonar, seier Rita Tonning i Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar.

Årsmelding frå SFJ

(02.11.03) Årsmeldinga frå Sogn og Fjordane Journalistlag er no redigert og klar.

Thorsnes opnar dørene etter press

(27.10.03) Helse Førde kjem til å opne styremøta sine frå og med november. Det seier styreleiar Tore Thorsnes. Helseføretaket har hausta mykje kritikk for at viktige avgjerder blir tekne bak lukka dører.

Lat opp døra, Thorsnes

(27.10.03) Sogn og Fjordane Journalistlag finn det underleg at styremøta til Helse Førde framleis er lukka. Då styreformann Tore Thorsnes tiltrådde vervet som styreformann for Helse Førde proklamerte han opne styremøte for helseføretaket, men så langt har han ikkje sett desse planane ut i livet.

Krev betre betalt for frilansstoff

(02.11.03) Sogn og Fjordane Journalistlag krev at frilansstoffet skal bli betre betalt. Dette vart vedteke i ein resolusjon på årsmøtet i Sogn og Fjordane Journalistlag.

Lars Kristian ny leiar

(23.10.03) Lars Kristian Solem frå Sogn Avis overtek som leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag etter Jon H. Sørland. Hilde Genberg frå Firda er valt til ny nestleiar. Jan Egil Fimreite går ut av styret.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING