Årets fotopris til Geir Arne Solheim

(15.11.04) Geir Arne Solheim frå Fjordabladet vann Sogn og Fjordane Journalistlag sin fotopris i 2004 for eit dramatisk bilete der ei ku hoppa i døden.

Presseprisen til Eli Grotle

(15.11.04) Eli Grotle frå Sogn Avis vann Sogn og Fjordane Journalistlag sin pressepris i 2004 for artikkelserien om Haugehuset. Kommunepolitikarane vil leggja ned dagheimen for psykisk utviklingshemma. Lokalavisa skapte så stort engasjement at saka kom opp til ny politisk handsaming.

Arild Nybø til Helse Førde

(09.11.04) NRK-medarbeidar Arild Nybø er tilsett som informasjonsrådgivar i Helse Førde. Nybø har i nesten ni år jobba som journalist i NRK.

Stian Sjursen ny leiar i NRKJ

(08.11.04) Stian Sjursen har overteke som leiar i NRKJ Sogn og Fjordane. Han overtek etter Frode Søreide.

- Feige sportsjournalistar

(17.03.03) Sportsjournalistane må sjå meir kritisk på idrettsmiljøet. Oppmodinga kom frå administrativ leiar i skikrinsen i fylket, Anders Felde, under tillitsrådmøtet til Sogn og Fjordane Journalistlag. Møtet vart arrangert på Quality Hotel i Florø like før jul.

Fardal ut i permisjon

(02.01.04) Redaksjonssjef Jan Inge Fardal i Sogn Avis har fått innvilga permisjon.

Henjum til Lotteritilsynet

(16.01.04) Journalist Geirmund Henjum i NRK Sogn og Fjordane er tilsett som informasjonssjef i Lotteritilsynet i Førde.

Olga Wergeland vaktsjef i NRK

(02.01.04) Olga Wergeland er tilsett som vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane for radio, fjernsyn og internett. Vidar Vie går tilbake som reporter i redaksjonen.

Degnepoll tilbake i NRK Sogn og Fjordane

(16.01.04) Lars Petter Degnepoll er tilsett som vikar i NRK Sogn og Fjordane i eitt år. Han har også tidlegare jobba som vikar ved kontoret i Førde.

Lægreid i vikariat

(10.02.04) Halvard Lægreid er tilsett i vikariat i Sogn Avis. Lægreid kjem frå Årdal og har tidlegare vore sommarvikar i avisa. Han er 27 år og har hovudfag frå Universitetet i Oslo bak seg. Halvar er son av kultursjefen i Årdal, Steinar Lægreid.

NRK klagar på hemmeleghald

(18.02.04) Kommunelege Hallvard Wannag Sele i Gloppen held tilbake opplysningar om tuberkulosesmitten på Sandane, men nektar å grunngje kvifor. Dette er stikk i strid med offentlegheitslova. NRK Sogn og Fjordane har no sendt klage på kommunelegen.

Avviser klage frå NRK

(19.02.04) Rådmann i Gloppen Martin Lyngstad har avvist klagen frå NRK Sogn og Fjordane på kommunelege Halvard Wannag Sele. NRK har klaga på legen, fordi han held tilbake informasjon om tuberkuloseutbrotet på Sandane.

Øvrebotten gir seg

(23.02.04) Magni Øvrebotten gir seg som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Ho har søkt på jobben som leiar for Nynorsk Mediesenter. Om ho ikkje får den jobben, vil ho likevel gi seg som distriktsredaktør. Øvrebotten har vore med i leiinga i NRK Sogn og Fjordane i 19 år og kjempa hardt mot sentraliseringa i NRK.

Årsmøte og drap

(08.11.04) Sogn og Fjordane er rysta etter to drap på kort tid. Korleis har pressa oppført seg og takla dette. Debatten tek vi på årsmøte i Sogn og Fjordane Journalistlag.

Tillitsråd fredag 12. november

(08.11.04) Fredag 12 november er det tillitsråd i Sogn og Fjordane Journalistlag. Alle klubbar må møte med ein representant.

Redaktørane i Firda provoserar

(16.05.04) Dei streikande jouranlistane i Firda reagerar på måten redaktørane i avisa opptrer under streiken.

Redaktøren i Firdaposten provoserar jouranlistane

(19.05.04) Redaktør i Firdaposten leitar etter andre trykkeri som kan lage avisa om grafikarane i avisene vert tekne ut i streik. Dette provoserer leiaren i Sogn og Fjordane Journalistlag, melder NRK Sogn og Fjordane.

Gled deg til hausten...

(23.06.04) Sjølv om det no er sommar, er det all grunn til å glede seg til hausten. Sett av litt feriepengar alt no, og du er garantert ein opplevelse for livet..

NRK-folk på flyttefot

(21.08.04) Nokon kjem og andre går i NRK Sogn og Fjordane. Fleire har i løpet av den siste tida flytta på seg og fleire er på flyttefot..

Årsmøte 12. november

(22.09.04) Sogn og Fjordane Journalistlag held årsmøte 12. november. Årsmøtet går av stabelen på Sunnfjord Hotell i Førde.

Ekstraordinert årsmøte i NRKJ SF

(30.03.04) Idun Husabø Anderssen og Olaf Erlend Gundersen er valt inn i styret i NRKJ Sogn og Fjordane. Dei to erstattar Marion Solheim og Stian Sjursen.

Tre fekk Alden-stipend

(27.04.04) Tre journalistar i Sogn og Fjordane er tildelt Alden-stipend.

Firda og Firdaposten i streik

(14.05.04) Journalistane i Firda og Firdaposten er tekne ut i streik, etter at forhandlingane mellom Norsk Journalistlag og MBL ikkje førte fram.

Er det einsamt å vere redaktør i Firda for tida?

(15.05.04) Redaktørane i avisa Firda meiner det er uhøyrt at journalistklubben i NRK støttar opp om kollegaene sine i avisene som er i streik. Han er tydelegvis på desperat sympatijakt etter å ha sendt sine eigne journalistar ut i streik.

- Arrogant oppførsel

(20.05.04) Klubbleiar blant journalistane i Firdaposten, Jon Sørland, går no kraftig ut mot sin eigen redaktør Svend Arne Vee, etter utspelet til Vee om å trasse ein eventuell grafikarstreik ved å byte trykkeri, og dermed halde fram med å gje ut avis, melder NRK Sogn og Fjordane.

100 påmelde til Hauststormen

(21.08.04) 100 personar er påmelde til årets Hauststorm, og dermed er det fult. Men kanskje finst det eit håp likevel...

Gøril til Norge Rundt

(21.08.04) Journalist Gøril Grov Sørdal frå Vik skal i haust vere programleiar for populære Norge Rundt på NRK1. Ho jobbar til dagleg ved NRK Sogn og Fjordane.

Vil me ha politisk streik som kampmiddel?

(10.02.04) NJ har sendt spørsmålet om bruk av politisk streik som kampmiddel ut på høyring med frist til 1. mars. Debatten skjer i etterkant av rabalderet som oppstod i saka om mellombels arbeidskraft på landsstyret 4. november. Det vart då stilt spørsmål om det er rett for journalistar å bruke politisk streik som verkemiddel og framgangsmåten til NJ-leiinga.

Longvastøl tilbake til Firda

(16.04.04) Journalist Ivar Longvastøl gjer comeback i Firda. Sunnmøringen har sidan i haust jobba ved NRK Sogn og Fjordane, men går no tilbake til avismediumet.

Pedersen overtek etter Øvrebotten

(29.04.04) Kai Aage Pedersen er tilsett som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane etter Magni Øvrebotten. Pedersen var einaste søkjar til stillinga som distriktsredaktør.

Stang kritiserar NRK-journalistar

(14.05.04) Klubben i NRK Sogn og Fjordane har gått ut med offisiell støtteerklæring til de streikende avisjournalistene. Redaktøren i lokalavisen Firda reagerer: – Dette er et spørsmål om integritet.

Flatebø overtek Fjordabladet

(04.02.04) Tormod Flatebø (52) er tilsett som ny redaktør i Fjordabladet. Han tek over etter Helge Solheim, som har vikariert sidan redaktør Anne-Mari Aalberg vart sjukmeld i desember 2002. Aalberg sa opp stillinga si i november i fjor, og Flatebø tek til som redaktør i avisa 1. februar.

Sju vil ha Alden-stipend

(16.04.04) Sju journalistar i Sogn og Fjordane har søkt om Alden-stipend. Kven som får stipend vil bli offentleg under "Rett Vest" i Florø under festmiddagen laurdag kveld.

Over 30 til Rett Vest

(16.04.04) Over 30 journalistar har meldt seg på til "Rett Vest" i Florø. Om du ikkje har meldt deg på enno, så kan det vere eit lite håp likevel.. Kontakt Geir Arne Solheim i Fjordabladet..

Politi og journalistar på ulukkestaden

(30.03.04) Det var ikkje berre snøen som var på avvegar då turlaget vart teken av skredet i Dvergsdalen i midten av mars. Igjen tørna journalistar og politi saman. Er det journalistane som er bøllar, eller politiet som kjenner ein sterk trong til å hevde seg? Er vi rett og slett ikkje til å stole på?

Helse Førde bryt offentlegheitslova

(29.04.04) Den offentlege postjournalen til Helse Førde inneheld berre inngåande dokument. Det kom fram då Helsedepartementet handsama ei klage frå NRK Sogn og Fjordane.

- Vee er streikebrytar

(20.05.04) – Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, er streikebrytar dersom han får avisa trykt ein annan plass enn i Firdatrykk. Det seier distriktssekretær i LO, John Bjarne Hjelmeland, til NRK Sogn og Fjordane.

NRK klagar på Helse Førde

(21.04.04) NRK Sogn og Fjordane har klaga Helse Førde inn for Helsedepartementet. Årsaka er at helseføretaket hemmelegheld tre av søkjarane til direktørstillinga.

Mot rekord for Rett Vest?

(21.04.04) Det går mot rekordpåmelding, når Sogn og Fjordane Journalistlag går Rett Vest til helga. Påmeldinga er no oppe i 35 personar, og eit spennande program er så godt som spikra.

Sogn Avis og Fjordenes Tidende tatt ut i streik

(20.05.04) Jouranlistreiken i Sogn og Fjordane er trappa opp. Frå måndag av blir også jouranlistane i Sogn Avis og Fjordenes Tidende tekne ut i streik.

Øvrebotten til Nynorsk mediesenter

(03.03.04) Distriktsredaktør Magni Øvrebotten er tilsett som den første leiaren for det planlagde Nynorsk mediesenter i Førde. Senteret skal opnast rett etter sommaren, og Øvrebotten sluttar som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane så raskt som mogleg for å ta til med den nye oppgåva.

Ny journalist i Ytre Sogn

(30.03.04) Bjarte Øvrebø frå Jølster er tilsett i eit vikariat som journalist i avisa Ytre Sogn i Høyanger.

Hauststormen bryter løs i september

(18.02.04) Sett av helgen 24. - 26. september. Da arrangeres den tredje Hauststormen på Edvard Grieg Quality Hotel i Bergen. Fredag hadde hovedkomiteen sitt første møte i Bergen.

Floberghagen til Førde

(19.05.04) Nestleiar i Norsk Journalistlag Elin Floberghagen kjem til Førde 19. mai for å delta i ein den demonstrasjon saman med dei streikande avisjournalistane.

Rett vest og Hauststormen

(10.02.04) Rammene for aktiviteten i 2004 er no lagd. Dei faglege høgdepunkta blir vårseminaret Rett vest i Florø, vestlandskonferansen Hauststormen i Bergen og årsmøte i Florø.

NRKJ støttar avisstreiken

(14.05.04) NRKJs 1400 medlemmer uttrykker stor sympati med våre streikende kolleger og gir vår fulle støtte i kampen for rettferdige krav!

Lillesvangstu nyhenderedaktør i Firda

(02.01.04) Tone Merete Lillesvangstu er tilsett som nyhenderedaktør i Firda. Ho overtek etter Svein Arne Vee som er blitt redaktør i Firdaposten. Eirik Grane er tilsett som vaktsjef i Firda.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING