Restplassar til Frønningen

(20.09.05) Vi har enno nokre ledige plassar til haustseminar og årsmøte på Frønningen. Send ein epost til stian.sjursen@nrk.no og meld deg på i dag. Vi kan love dei ei flott oppleving du sjeldan opplever.

Påmelding til Frønningen NO!

(12.09.05) Vi har no opna for påmelding til haustseminar og årsmøtet i Sogn og Fjordane journalistlag. Turen går i år til naturskjøne og eksklusive Frønningen 1. oktober. Det er begrensa med plass, så klikk "les meir" for å sjå invitasjonen og meld deg på innan 16. september.

Kurs i knekking av rekneskap

(07.04.05) Onsdag 20. april arrangerer Sogn og Fjordane Journalistlag
kveldskurs i knekking av rekneskap etter oppmoding frå
våre medlemer. Mellom anna vil næringslivsjournalist Ivar Longvastøl fortelja korleis han bruker sin kunnskap i sitt daglege virke. Statsautorisert revisor Jan Flølo i Pricewaterhouse Coopers vil innleia om grunnleggjande analyse av rekneskap.

Tillitsråd på Skei 21. november 2005

(01.11.05) Alle klubbleiarane i fylket er kalla inn til tillitsråd på Skei hotell måndag 21. november. Møtet startar med lunsj klokka 12.00, og vi reknar med å slutte av omlag klokka 16.00.

Slik finn du fram til hotellet

(01.03.05) Vi skal bu på to ulike hotell under vårseminaret. Kva hotell du skal bu på får du beskjed om i epost. Her finn du informasjon om korleis du finn fram. Klokka 1800 startar seminaret på Nordfjord hotell.

Program for vårseminaret på Eid

(01.03.05) Vårseminaret vårt startar fredag kveld klokka 1800. Då får du servert kvitvin og snittar. To timar seinare får du ei stor operaoppleving, før det blir festmiddag.

Kulturjournalistikk på vårseminaret

(01.03.05) Espen Selvik (44) er dirigent, kulturbyrokrat og melder klassisk musikk for Bergens Tidende. På Nordfjordeid lærer han deg musikkmelding og anna kulturjournalistikk.

Desse blir med til Loen

(04.01.06) 4.- og 5. mars reiser 43 journalistar frå Sogn og Fjordane til vårseminaret 2006. I tillegg har vi invitert sju innleiarar til den faglege delen av konferansen. Her kan du sjå kven som blir med.

Berre tre søkjarar

(23.02.05) Berre tre journalistar har søkt om Aldenstipend i 2005. Dei tre kjempar om ein totalpott på 45.000 kroner. Kven som får stipend får du vite på vårseminaret på Nordfjordeid.

Spa i Loen?

(22.02.06) Dersom du ønskjer å nytte deg av tilbodet om massasje og anna spa under NJ sitt vårseminar i Loen, må du bestille no!!! I Følgje hotellet er det begynt å bli fullt på listene, og dei som ønskjer behandling må ringe denne veka.

Restplassar til vårseminaret

(23.02.05) NJ har gjeve oss 20.000 kroner i ekstraløyving til vårseminaret på Nordfjordeid. Dette gjer at vi no har nokre få ekstra plassar ledige. Har du lyst å oppleve ei fantastisk helg med kultur, sosialt lag med andre journalistar og fagleg debatt? Meld deg på i dag!

Deltakarliste vårseminaret 2005

(01.03.05) Her er deltakarlista for vårseminaret på Nordfjordeid til helga.

4.mars: Tillitsråd på Eid

(07.02.05) Fredag 4. mars klokka 12 er det tillitsråd på Eid Hotell der temaet er
klubbygging. Klubbleiar i BT, Rune Valderhaug, fortel om korleis dei driv
organisasjonsarbeid i regionavisa.

Gratis operabillettar likevel

(23.02.05) Vi har funne ut at økonomien er god nok til å gi deg ei gratis operaoppleving på Nordfjordeid. Vi har tidlegare sagt at du må betale billetten sjølv, men no spanderer vi også den på deg.

Statoil-skandalen på vårseminaret

(07.02.05) Som journalist i Dagens Næringsliv, stod Ingvild Rugland for opprullinga av korrupsjonsjonsskandalen i Statoil. Møt ho på journalistlaget sitt vårseminar på Nordfjordeid.

Venteliste på vårseminaret

(31.01.05) Det er stor interesse for å vere med på vårseminaret til Sogn og Fjordane journalistlag. Nett no er det fullt og vi har sett opp ei venteliste. Håpet er å få plass til alle påmelde.

Du må betale billetten sjølv

(31.01.05) På grunn av at NJ har løyvd mindre pengar enn venta til vårseminaret vårt, må vi be deltakarane om å betale operabilletten sjølv. Vi har klaga til NJ og fått noko meir stønad. Men vi vil gå med eit større underskot om vi også skal betale billettane for deg i tillegg til hotell, festmiddag og konferanse.

Kandidatar til presse-, og fotoprisen.

(16.08.05) Innan 16.september må du melde inn kandidatar til Sogn og Fjordane journalistlag sin pressepris og fotopris. Pass på at de legg litt arbeid i grunngjevinga om kvifor dykkar kandidat bør få prisen. Vi oppmodar alle media i fylket om å sende inn framlegg om kandidatar både i eige og andre media. Klikk "les mer" for å sjå vedtektene.

Frist 14. februar: Søk Aldenstipend 2005

(17.01.05) Har du lyst å realisere eit prosjekt, men har ikkje tid eller råd? Då kan Sogn og Fjordane journalistlag gje deg sjansen. Kvart år deler vi ut stipend til ein eller fleire av medlemmane våre som har sendt inn bidrag til årboka for Sogn og Fjordane.

Tomasgard til Sunnmørsposten

(16.08.05) Anne Mari Tomasgard er tilsett som journalist i Sunnmørsposten. Tomasgard tek over stillinga til Bengt Flaten som er tilsett som redaktør i Fjordingen.

Stor påmelding til vårseminaret

(20.01.05) Alt no er 34 stykker påmelde til vårseminaret som Sogn og Fjordane journalistlag arrangerer på Nordfjordeid 4. og 5. mars. Vil du ha sikker plass må du melde deg på snarast.

God jul og godt nyttår

(23.12.05) Her kan du sjå julekortet frå styret til medlemmene. Vi håpar alle får ei god jul og eit godt nytt år.

Geir Arne vart pappa!

(16.08.05) Den 2. august vart Sogn og Fjordane journalistlag sin kasserar Geir Arne Solheim pappa. Vesle Aron har 3480g og 50cm som vitale mål. Bratte Bakkar gratulerer pappa Geir Arne og mamma Therese Solheim.

Omtal sjølvmord varsamt

(26.11.05) Den nye ver varsam-plakaten er no vedteken av Norsk Presseforbund. Det vert opna for omtale av sjølvmord, men med varsemd. Det vart ingen endring i regelen om nettpublisering. Kva for konsekvensar den nye ver varsam-plakaten får for oss, blir tema på vårseminaret til Sogn og Fjordane journalistlag i mars.

Bli med og lag Hauststormen 2006

(24.11.05) 13. desember er det første møte i hovudkomiteen for Hauststormen 2006. I dette møtet vil vi legge dei første føringane for den store journalistkonferansen i Bergen neste år. Har du lyst å vere med i det vidare arbeidet?

Ny sportsjournalist

(12.06.05) Trond Roger Nydal har byrja som sportsjournalist i Sogn Avis, i første omgang fram til nyttår.

Firda Tidend på nett

(24.11.05) No er også Firda Tidend på Sandane klar med nettutgåve. – Vi lever i ei verd i endring, og lyt følgje med i tida, seier redaktør Bjørn Grov, som håpar nettavisa vil stimulere fleire til å tinge papiravisa.

Frist 1.februar: Påmelding til vårseminar og operagalla på Eid

(13.01.05) Meld deg på, og bli med når Sogn og Fjordane journalistlag fredag 4. og laurdag 5. mars inviterer medlemmene til vårseminar og operagalla på Nordfjordeid. Men det er begrensa med plassar, så du må melde deg på så fort som råd.

Her er reiserekninga

(21.11.05) Var du med på tillitsrådet i Sogn og Fjordane journalistlag 21. november? Her har du reiserekninga du skal bruke. Fyll ut og send til Geir Arne.

Genberg inn som vara

(29.04.05) Hilde Genberg (Firda) vart torsdag vald inn som 6. varamedlem til landsstyret.

Vartdal ny klubbleiar i Fjordingen

(22.11.05) Harald Vartdal har teke over NJ-klubba i avisa Fjordingen i Stryn. Vartdal tek over etter Hans Holmøyvik. Vi takkar for innsatsen til Hans, og gratulerer Harald.

Gir seg som nyhenderedaktør

(10.06.05) Tone Merete Lillesvangstu har sagt opp nyhenderedaktørstillinga etter om lag halvtanna år i stolen.

Styret er konstituert

(01.11.05) På styremøte i Førde 31.oktober vart det nye styret i Sogn og Fjordane journalistlag konstituert. I tillegg til at årsmøtet valde Jon Sørland(Firdaposten) som leiar, er følgande posisjonar no fordelte: Nestleiar Stian Sjursen(NRK), kasserar/sekretær Geir Arne Solheim(InMedia) og Marit Bendz(frilansjournalistane) blir fagleg ansvarleg.

May Britt Eide sluttar i Firda

(10.06.05) May Britt Eide har sagt opp i Firda for å ta til i Ytre Sogn.

Ut av rammene og ut i naturen

(04.10.05) Forteljarglede var eit sentralt tema under årsmøte på Frønningen sist helg. Førelesar i journalistikk Jo Bech-Karlsen brukte den korte og konsise sjangeren Haiku som metode for å fokusera på den gode og overraskande
historia og naturen vart nytta som klasserom.

Vikar for Firda i Florø

(10.06.05) Bjarte Øvrebø er vikar på Florø-kontoret i Knut Magnussens(bildet) sjukefråver.

Geirmund til mediesenteret

(29.04.05) Geirmund Henjum tek over som faglærar i Nynorsk mediesenter etter Synnøve Hole. Han byrjar 1.august og sluttar dermed som infosjef i Lotteritilsynet.

Årsmelding og årsrekneskap

(04.10.05) Her har du årsmeldinga og årsrekneskapen for Sogn og Fjordane journalistlag. Dokumentet med rekneskapen syner balanse, resultat, avviksrapport og Alden-kontoen. Den er godkjent av revisorane, NJ og årsmøtet.

14 på rekneskapskurs

(29.04.05) Responsen er god etter at Sogn og Fjordane Journalistlag arrangerte kveldskurs i næringslivsjournalistikk.

Bruk av eigenkapitalen

(04.10.05) Olav Øygard meiner Sogn og Fjordane journalistlag bør vurdera korleis ein skal nytta den sterke eigenkapitalen i
laget.

Ein næringslivsjournalist si hovudpine

(08.04.05) Næringslivsjournalist Ingvild Rugland gjekk frå Dagens Næringsliv til Bergens Tidende. Då fekk ho merka belastninga med å skriva kritisk om naboen sine tvilsame forretningar, fortalte Rugland på vårseminaret til SFJ.

Katrine Sele fekk presseprisen

(02.10.05) Firdajournalist Katrine Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag 2005. Sele får prisen for sin artikkel om Ole Johan Grønskag, ein ung dramatikar frå Kalvåg som tok sitt eige liv i mai 2004. Sjå grunngjevinga frå Solveig Barstad, Arild Nybø og Arill Rise i juryen her.

Inger og Lars Kristian til landsmøtet

(16.01.05) Sogn og Fjordane journalistlag sender leiar Lars Kristian Solem og Inger Træen i Fjordabladet til landsmøtet i Norsk journalistlag.

Fotoprisen til May Britt Eide

(02.10.05) May Britt Eide er vinnar av Sogn og Fjordane Journalistlag sin fotopris for eit bilde som stod på trykk i Firda.
Motivet viser fire ungjenter i full fart opp frå fjorden med snødekte fjell i bakgrunnen. Sjå juryen si grunngjeving og sjå bilete her.

Solheim redaktør i Fjord1-magasin

(30.03.05) Fjordabladjournalist Geir Arne Solheim har gått over i ny stilling.

Jon Sørland ny leiar i fylkeslaget

(02.10.05) Jon Sørland, journalist i Firdaposten, er vald til ny leiar av Sogn og Fjordane journalistlag. Sørland tek plassen til Lars Kristian Solem, som takkar for seg etter to år i leiarstolen. Resten av styret består av Stian Sjursen, Geir Arne Solheim og Marit Bendz. Også Hilde Genberg takka for seg på årsmøtet som vart helde på Frønningen 2. oktober 2005.

Tre journalistar får aldenstipend

(08.03.05) Tre journalistar frå Sogn og Fjordane deler dei 45000 kronene i Aldenstipendet. Katrine Sele, Halvard Lægreid og Åge Senneset fekk utdelt prisen under vårseminaret til journalistlaget på Nordfjordeid.

Velkomen til Frønningen

(29.09.05) På laurdag ønskjer vi velkomen til haustsamling på Frønningen. Her finn du viktig informasjon om helga.

Anna Wuttudal til Norsk Landbruk

(30.03.05) Fjordabladjournalist Anna Wuttudal har permisjon frå avisa eit halvt år frå 1. april.

Desse skal til Frønningen

(29.09.05) Her finn du lista over dei som er påmelde til Frønningen 1.-2. oktober.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING