Program til vårseminaret

(23.01.06) Advokat Ina E. Strømstad ved advokatfirmaet Hjort er mellom dei som kjem til vårseminaret i Loen. Identifikasjon, sjølvmord, informasjonsmedarbeiarar og klimajournalistikk er mellom dei tema som skal diskuterast. Påmeldingsfrist er 1. februar.

Vårseminaret 2006: Sjølvmord i media

(30.01.06) Vi tør knapt ta i temaet – men av og til gjer vi det, mellom anna fekk Katrine Sele pris for artikkelen sin om nettopp dette. Korleis kan ein gjere det? Her kan du lese artikkelen hennar.

Aldenstipend til alle?

(25.10.06) Det har kome inn eit forslag frå klubbleiar Roy Fauske i NRK om at alle SFJ-medlemmer skal kunne søke om Alden-stipend, og ikkje berre dei som har levert bilde til Årboka. Har du synspunkt på dette spørsmålet, må du komme på årsmøtet på fredag.

Likte du hauststormen 2006?

(11.10.06) Vi ønskjer å vite korleis du likte Hauststormen 2006. Kva var bra, kva var dårleg og kva kan vi gjere betre om to år? For å lage ein enno betre konferanse i 2008, treng vi di hjelp. Dersom du deltok på Hauststormen har du fått ein epost med ei meiningsundersøking. Håpar du tek deg fem minutt for å svare på den.

Muhammedteikningane i Loen

(14.02.06) Kan alt oppstyret kring Muhammedteikningane fortelje oss noko? Er det noko grunnleggande galt med islam, eller er det noko galt med vår respekt og bruk av ytringsfridomen? Dette blir tema på vårseminaret i Loen.

Firda tilset nettjournalist

(21.04.06) Vidar Gudvangen er tilsett i fast stilling som kanaljournalist i Firda.no. Han skal saman med kanalredaktør Arild Nybø drive og utvikle nettsatsinga til Firda.no vidare. Gudvangen, som er frå Høyanger, har vore journalist i Firda i to år.

50.000 til fem journalistar

(08.03.06) Fem journalistar i fylket har fått 10.000 kroner kvar i Aldenstipend. Pengane skal gå både til bokprosjekt, reportasjeturar og kompetanseheving.

Kollaboratør eller kollega: Stolar vi for mykje eller for lite på informasjonsarbeidarane?

(08.02.06) Journalisten og infoarbeidaren har heilt ulike oppgåver; sjølv om opplysing og informasjon er jobben til begge.

Olav Øygard: -Overraska over Stang

(02.11.06) -Det som overraskar mest i kommentaren til Jan Atle Stang, er at han ikkje kjenner til bidraga frå sine eigne medarbeidarar. Det seier Olav Øygard i denne kommentaren til Firdaredaktøren sitt utsegn. Han meiner dette seier noko om kor engasjert Stang er i at medarbeidarane hans skal gjere det godt og hauste heider for jobben sin.

Alle avisene på nett

(23.01.06) Samtlege lokalaviser i Sogn og Fjordane er no ute med eigne nettsider. Du finn lenkjer til nettutgåvene her.

Epostintervju med Arne Stubhaug: Stubhaug om Aldenstipend og journalistprisane

(31.10.06) Han røysta mot framlegget om at alle skal kunne søkje eitt av Alden-stipenda. I dette epostintervjuet med Bratte Bakkar grunngjev Stubhaug synet sitt. Han meiner også at dersom ein vil ha ein fotopris for framtida, må ein anten få fleire til å delta, eller redusere kvalitetskrava. -Ellers kan ein like godt legge ned heile prisen, seier Stubhaug.

Årsmøtet i SFJ 27. oktober

(20.09.06) 27.oktober kallar Sogn og Fjordane journalistlag inn til årsmøte på Sunnfjord Hotell i Førde. Sidan det er Hauststorm i år, vert det ikkje fagleg seminar under årsmøtet. Frist for å sende oss saker er 13.oktober.

Epostintervju med Jan Atle Stang: -Journalistprisane heng ikkje like høgt som før

(31.10.06) -Når redaksjonane ikkje sender inn kandidatar til presse-, og fotoprisane, kan ikkje det bety anna enn at denne prisen ikkje heng så høgt som før. Det seier redaktør i Firda, Jan Atle Stang, i dette epostintervjuet med Bratte Bakkar.

Send forslag til presse- og fotopris

(20.09.06) Vi inviterer no alle redaksjonar og frilansarar til å sende inn forslag til kandidatar til dei to høgthengande prisane til Sogn og Fjordane journalistlag.

STRAKS HAUSTSTORM 2006

(01.09.06) Dersom du har lyst til å vere med på Hauststormen 2006, må du melde deg på no. Den største journalistkonferansen på Vestlandet er snart full. Her får du oppleve ein spennande, lærerik, morsom, overraskande og ny type konferanse. Gå til www.hauststormen.com for å melde deg på.

Journalistlag utan prisvinnarar

(29.10.06) Det vert ikkje delt ut pressepris eller fotopris i Sogn og Fjordane Journalistlag i år. Ei av årsakene kan vere at vilkåra for å drive god journalistikk på tekst og bilete vert stadig tøffare i medie-Noreg.

Meld deg på Hauststormen 2006 i dag

(22.05.06) No opnar vi for påmelding til Hauststormen 2006. Bli med på den største journalistkonferansen på Vestlandet. Det skjer på Voss 29.september til 1.oktober. På grunn av at det er begrensa med plass er det lurt å melde seg på tidleg. Då får du også 300.- avslag på avgifta.

Alle kan søke eitt av Alden-stipenda

(29.10.06) Alle medlemmer i Sogn og Fjordane journalistlag får no sjansen til å søkje Aldenstipend. Det bestemte årsmøte i laget fredag 27. oktober. Det vart ein engasjert debatt når årsmøtet diskuterte saka. Spesielt journalistane i Firda var negative til forslaget som kom frå NRK.

Meklingsfrist for avisene 1.juni

(15.05.06) Riksmeklingsmannen har sett av tid til mekling mellom MBL og NJ 31.mai og 1.juni. Dermed kan det bli avisstreik her i fylket frå 2. juni.

Sørland held fram som leiar

(29.10.06) Jon Sørland held fram som leiar av Sogn og Fjordane journalistlag. Det bestemte eit samrøystes årsmøte fredag 27. oktober 2006. Resten av styret vart også attvald. Årsmøtet vart arrangert på Sunnfjord Hotell i Førde.

Søk IJ-kurs før 22.mai

(12.05.06) Det er straks søknadsfrist for IJ-kursene i høst. 22. mai er siste frist før hoveduttaket til kursene blir gjennomført. Høstens meny omfatter alt fra siste nytt innenfor digital research og bruk av digitalt kamera, til solide håndverkskurs som kan gjøre deg bedre, sikrere og mer bevisst når du søker kilder, intervjuer, skriver og rapporterer, redigerer, presenterer, gjør etiske valg og kildekritiske analyser.

Samleside for NRK-streiken 2006

(11.10.06) Vi har samla alle artiklane om NRK-streiken i 2006 i eiga mappe. Besøk den her.

Invitasjon til å søke Aldenstipend!

(04.01.06) Du er med dette invitert til å søke om Aldenstipend. Sogn og Fjordane journalistlag får kvart år ein sum frå Aldenforlaget som godgjersle for leveransar av bilete og tekst til årboka for Sogn og Fjordane.

Keth Øren ny leiar i Sogn Avis

(11.10.06) Sogn Avis har gjort endringar i klubbstyret. Eirik Thue går av som leiar. Keth Øren er ny leiar, medan Renate Sæle er ny nestleiar.

Fauske ny klubbleiar i NRK Sogn og Fjordane

(20.09.06) Roy Fauske er vald til ny leiar i journalistklubben ved NRK Sogn og Fjordane. Det skjedde på årsmøtet i klubben 13.september.

Fare for avisstreik

(11.05.06) Forhandlingane mellom Norsk Journalistlag og Mediebedriftenes Landsforening braut saman i natt og oppgjeret går til mekling. Samtlege av lokalavisene i Sogn og Fjordane er medlemmer i MBL, og dermed kan det bli avisstreik i fylket. Ved førre konflikt vart Firda, Sogn avis, Fjordenes tidende og Firdaposten tekne ut i streik.

Berre 50 plassar: Meld deg på vårseminaret no

(04.01.06) Alle NJ-medlemmer i Sogn og Fjordane er invitert til Sogn og Fjordane journalistlag sitt vårseminar 2006. I år møtest vi på Hotel Alexandra i Loen frå laurdag 4.til søndag 5.mars. På grunn av økonomien har vi berre plass til 50 deltakarar, så ver rask med påmelding. Siste frist er 1. februar.

Sjølvmord ikkje eit tabu-emne

(06.03.06) Dagen før Journalistlaget hadde oppe temaet ”sjølvmord – tabu i media” på vårseminaret på Alexandra, fekk vi eit døme på media si dekking av dette alvorlege temaet. Ei tragisk hending på Mo og Jølster vidaregåande skule vart i Nettavisen omtalt med overskrifta ”skjøt seg selv på skolen”. Dette danna grunnlag for debatt blant journalistlaget sine medlemmer på seminaret. Er denne omtalen i tråd med den nye paragrafen om sjølvmord i ver varsam-plakaten?

Færre gardsbruk, færre skred

(08.03.06) ”- Attgroinga i landbruket vil utan tvil føre til færre skred i Sogn og Fjordane”. Denne oppsiktsvekkande kommentaren kjem frå same karen som fortel at alle fjella i fylket relativt snart vil kome i hovudet på oss. Namn: Krister Kristensen ved Norges Geologiske Institutt.

Blod, opplagstal og profitt

(06.03.06) ”- Advokatane brukar pressa medvite, og sjølvsagt vert dommarane påverka av media sine vinklingar i straffesaker”. Desse påstandane kom advokat Ina Strømstad frå Advokatfirmaet Hjort med under vårseminaret til SFJ på Alexandra. Ina Strømstad var invitert til å ta føre seg endringane i ver varsam-plakaten sin paragraf 4.7 som omhandlar identifikasjon, men ho kom inn på så mykje meir enn det.

I strupen på journalistane

(06.03.06) Mange av journalistane på seminaret i Loen vart nok skuffa då dei fann ut at informasjonsmedarbeidarane i ulike offentlege etatar ikkje eigentleg samsvarar med biletet som er skapt. Informasjonsmedarbeidarane var langt på veg førehandsdømde som vernarar av arbeidsgjevaren, men det var i staden journalistane som fekk nedetter nakken med skuldingar om manglande kjeldekritikk, førehandsskrivne ingressar og kunnskapsløyse.

Terje Gilleshammer leiar i NRK

(28.02.06) Journalist Terje Gilleshammer er vald til ny leiar av journalistklubben ved NRK Sogn og Fjordane. Gilleshammer tek over for Stian Sjursen som no er blitt vaktsjef i NRK.

Hauststormen flyttar til Voss

(13.02.06) I haust er det klart for det som truleg blir den største journalistkonferansen på Vestlandet nokon sinne. Dette blir fjerde gongen Hauststormen vert arrangert. Tidlegare er konferansen arrangert i Bergen, men i år er Hauststormen flytta til Park hotell på Voss. Tidspunktet blir 29.september-1.oktober.

Kjempesøknad til Aldenstipendet

(01.02.06) Det har no kome 12 søknader til Aldenstipendet i år. -Søknadane er både gode og kreative, seier leiar i Sogn og Fjordane journalistlag Jon Sørland. Stipenda vert delt ut på vårseminaret i mars. Her kan du sjå kven som har søkt om stipend.

Journalistar mot fusjon

(23.01.06) Kva skal det eigentleg vere godt for at Orkla Media og A-pressen, dei to største eigarane av regionale aviser i dette landet, fusjonerer? Dette spørsmålet stiller Jon Sørland, leiar i Sogn og Fjordane journalistlag, i dette lesarinnlegget.

Rekordbesøk på nettsidene

(01.02.06) Aldri før har så mange vore inne på Sogn og Fjordane journalistlag på ein månad som i januar 2006. 1339 besøkte sidene i løpet av dei 31 dagane i januar. Kva side vart mest besøkt?

Fjordabladet i nye lokale

(19.01.06) Fjordabladet har flytta frå industriområdet i Øyane til nye lokale i Rådhusveien 6 på Nordfjordeid. No er håpet for avisredaksjonen å bli enno meir aktuell.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING