Referat frå årsmøte i Sogn og Fjordane Journalistlag
Sunnfjord Hotel, Førde, 12. november 2004
Opning ved leiar og helsingar
Leiar Solem opna ved å helse laget. 14 frammøtte ved start, 19 til saman ved møtets slutt.
Val av møteleiar og referent
Solem valt til møteleiar. Solheim valt til referent. Samrøystes.
Godkjenning av innkalling og sakliste
Årsmøtet halde 12 dagar for seint, men vart godtkjent sentralt. Ingen merknader frå delegatane. Samrøystes.
Justering av vedtektene for pressepris og fotopris
Styret sine endringar til presseprisen og fotoprisen vart vedtekne. Etter samtale med presseprisjuryen var det naudsynt med visse justeringar, for å gjere handsaminga av nominasjonane enklare og meir korrekte. Samrøystes vedteke.
Nye presseprisvedtekter per 12. november 2004:
- Presseprisen i SFJ skal delast ut til ein eller fleire journalistar/fotografar som anten i ei spesiell sak, eller over lengre tid, har bidrege til å auke nivået i fylket med framdragande journalistikk. Med dette meinast journalistikk som er nyskapande, gravande, undersøkjande, avslørande, fengjande osb.
- Prisen skal delast ut på grunnlag av innsendt materiale, eller ut frå juryen sine eigne observasjonar.
- Ein jury opnemnt av styret i SFJ, får fullmakt til å peike ut årets presseprisvinnar.
- Alle redaksjonsklubbar kan sende inn kandidatar på både interne og eksterne kandidatar.
- Samtlege kandidatur skal grunngjevast, og udokumenterte forslag kan verte forkasta av juryen. Materiale som klubbane meiner styrkjer kandidatane sine sjansar til å få prisen, kan leggjast ved. Dette kan vere artiklar, foto, radio/fjernsynsprogram og anna dokumentasjon på grundig og godt journalistisk arbeid. Dokumentasjon skal helst leggast ved digitalt i pdf-format eller på e-post. Alt fysisk grunngjevingsmateriale (aviser, CD/DVD-opptak) må kome i tre eksemplar.
- Prisen skal delast ut på SFJ sitt årsmøte og har ein verdi på 5.000 kroner.
Nye fotoprisvedtekter per 12. november 2004:
A) Prisen gjeld for journalistar og fotografar som er medlem av SFJ.
B) Det vert delt ut ein (1) pris.
C) Kvar kandidat skal plukke ut 1. stk bilete, publisert i løpet av siste kalenderår. Biletet skal sendast inn digitalt.
D) SFJ sin fotopris skal ha namnet: SFJ sin fotopris
E) Biletet skal:
* Ha bodskap, og stå som eit sjølvstendig journalistisk produkt.
* Ha vore publisert.
* Ikkje vere manipulert utover vanleg bildebehandling.
F) Kopi av avissida/eller avisa der biletet stod på trykk, evt. utskrift frå nettavis, kan leggast ved i tre eksemplar for å styrkje kandidaten. Det skal også gje ei grunngjeving for biletet.
G) Tre personar skal sitje i juryen. Minst ein i juryen skal ha fotofagleg bakgrunn. Juryen skal oppnemnast av styret i SFJ. Grunngjevinga av vinnarbiletet skal vere skriftleg.
H) Finn juryen ingen verdige vinnarar mellom dei innsendte kandidatane,
kan dei avstå frå kåring eller på eige grunnlag kåre ein vinnar blant medlemmane i SFJ.
I) Dersom juryen har kåra ein vinnar, skal prisen delast ut under årsmøtemiddagen.
Framtida for Bratte Bakker
Årsmøtet vedtok, etter forslag frå styret, om å leggje ned papirutgåva av Bratte Bakkar. årsmøtet ønskjer at styret skal jobbe for å få til ei nettutgåve av Bratte Bakkar, i tilknyting til den eksisterande nettsida www.nj.no/sfj. Ein skal freise halde på namnet og logoen, dersom det teknisk er mogleg på NJ sitt nett-system.
Vart vedteke mot røysta til Jon H. Sørland.
Kompetanseutvikling. Få medlemer reiser på kurs. Er det eit alternativ å arrangere lokale kurs?
Orientering frå leiaren om ønsket om kurshalding i dei ulike regionane. Takk til Anna Wuttudal for innsatsen for å få til fotokurs i Nordfjord gjennom Fjordabladet.
Saker til Landsmøtet i april
Ingen forslag til saker frå årsmøtet. Mogleg å sende inn forslag fram til 26. januar.
Årsmelding
Årsmeldinga vart samrøystes vedteken av årsmøtet.
Rekneskap
Rekneskapen vart lagt fram av kasserar Solheim. Revisorane la til grunn at rekneskapen vart godkjent, med atterhald om merknader frå revisjonen. Hadde ikkje fått tid til å gå gjennom rekneskapen. Samrøystes.
Val
Lars kristian Solem attvald som leiar. Hilde Genberg ikkje på val. Geir Arne Solheim attvald som styremedlem. Stian Sjursen inn som ny styremedlem etter at Frode Søreide takka av etter to år i teneste. Samrøystes.

