Søk SKUP-stipend

Som redaksjonell medarbeidar har du moglegheit til å søkja om stipend frå Norsk Journalistlag for å delta på SKUP-konferansen i Tønsberg 29.-31. mars 2019. SKUP-konferansen er Noregs største for undersøkjande journalistikk og har blitt arrangert sidan 1990. SKUP-stipendet frå NJ er på inntil 7000 kroner.

Søknadsfristen for NJ-stipend er 24. januar 2019. Du søkjer om stipendet ved å fylla ut skjemaet under. SKUP-konferansen melder du deg på her.

Stipendet kan brukast til å dekkja deltakaravgift, reise til og frå, og opphald på konferansen. Stipendet blir innvilga i forkant, men stipendpengane blir først utbetalte i etterkant, mot originalkvitteringar.

Søknadsskjema

Fyll ut skjemaet under for å søkja på NJ-stipend til SKUP.