Retningslinjer:

Transport

Delegatane bestiller reise til og frå landsmøtet sjølve.

Delegatane får dekt reise etter den rimelegaste reisemåten, normalt er dette kollektivreise.

  • Delegatane skal søke å bestille så rimelege billettar som mogleg, til dømes ved å bestille tidleg.
  • Bruk av privatbil dekkast normalt ikkje, og må eventuelt godkjennast i forkant.
    • Eventuell refusjon blir dekt etter statens satsar.
  • Drosje dekkast normalt ikkje, og berre etter avtale i forkant av arrangementet.

Overnatting og diett

Hotell med måltid er dekt frå tysdag 26. mars til torsdag 28. mars 2019.

Frå måndag 25. mars til tysdag 26. mars er det normalt ikkje dekt overnatting, men dette kan løyvast av sekretariatet i forkant av landsmøtet.

Diett på sjølve reisa blir dekt mot originale kvitteringar dersom avreisa heimanfrå er før kl. 07, tysdag 26. mars og heimkome er seinare enn kl. 19 torsdag 28. mars.

Tapt arbeidsforteneste

Frilansarar som er delegatar på landsmøtet vil få dekt tapt arbeidsforteneste under landsmøtet.

Frist for innsending

Delegatane må sende inn reiserekninga seinast fredag 18. april 2019.

Utover dette vil NJ berre dekke utgifter etter førehandsavtale.