Har du ein god idé til eit Ferdaminne?

Har du ein god idé til eit Ferdaminne?

UTSATT FRIST OG NYE REGLER: Ferdaminne-konkurransen får utvida frist, og det er no også mogleg å sende inn ein idé til konkurransen. Det er framleis mogleg å levere ferdige bidrag, og juryen vil vurdere alle bidrag som blir sendt inn. Dersom juryen vel å kåre ein idé som vinnaren av konkurransen, vil premiepengane først bli utdelt når det ferdige bidraget er mottatt. Ny frist: 20. mars.

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Vinje var journalist og skreiv mellom anna for Morgenbladet, Drammens Tidende og si eiga vekeavis Dølen. Vinje var, ifølge Bokselskap, kritisk og drøftande og meinte at oppgåva til journalisten var å rettleie og opplyse lesaren utan sjølv å velje side. Med sin munnlege, humoristiske og personlege stil bidrog han til å fornye språkbruken i avisene.

I høve Aasmund Olavsson Vinje sitt 200-årsjubileum inviterer Norsk Journalistlag til konkurranse om å lage eit ferdaminne frå vår tid.

 

Ferdaminne er Vinje si skildring frå den store Noregsreisa han gjorde i 1860, og blir ofte rekna som hans viktigaste verk.

Formatet til Vinje var det skrivne ord, men dagens Ferdaminne kan gjerast på alle medieplattformer. Ferdaminne var det første større verket som tok i bruk Ivar Aasen sitt landsmål (nynorsk). I denne konkurransen vel du sjølv målform, om du i det heile teke brukar tekst. Kanskje er dagens Ferdaminne heilt visuelt?

Vinje er spesielt kjend for det såkalla tvisynet som han i Ferdaminne skildrar som evna til å sjå "Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at med lettare kunne liksom graata med det eine Augat og læ med det andre". Den tvisynte har med andre ord evne til å sjå det komiske i noko alvorleg og omvendt. Med kritisk sans, livsnær realisme, humor og tvisyn skildrar Vinje bygdene han reiste gjennom (Samlaget). Som i kapittelet om "Grauten på Grut" der han skildrar nasjonalt kosthald med stor ironi: "Det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen ned igjennom Ovnspipa". Kvar går du for å skildra Noreg i dag? 

Premien er 20 000 kroner. 

Usatt frist: 20. mars 2018

Send ditt bidrag til konkurransen til nj@nj.no

 

Retningsliner for konkurransen: 

  • Verket kan ikkje vere publisert tidlegare
  • Vinnaren blir kunngjort på fødselsdagen til Vinje, 6. april, under jubileumsfeiringa i Vinje kommune (vinnaren blir invitert til Vinje for å ta imot prisen).
  • Vinnarbidraget vil bli publisert på Journalisten.no, som har eksklusiv rett til førstegangspublisering. Journalisten.no har etter publisering ingen rett til bidraget.
  • Du vel sjølv journalistisk metode og format/medium.
  • Bidraget må sendast digitalt og kunne publiserast på nettstaden til journalisten.no  
  • Dei andre bidraga vil ikkje bli publisert av Norsk Journalistlag eller Journalisten utan eventuell eigen avtale.
  • I juryen: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (HiVO), Jens Kihl (Klassekampen), Glenn Slydal Johansen (Journalisten), Dag Idar Tryggestad (NJ) og Sigrid Kleiva-Gramstad (NJ).