Ragnar Lurås leiar Telemark

- Norsk Journalistlag er viktigare enn nokon gong for å kjempe for ein uavhengig journalistikk i media. Presset mot ein uavhengig journalistikk aukar ettersom inntektene bli mindre, og det blir færre journalistar som må produsere meir, seier Ragnar Lurås som er leiar i Telemark Journalistlag.

Ragnar Lurås leiar Telemark
Foto: Jannicke Møller Andersen

- Det er viktig å ha lokallag som kan fungere på tvers av konsernlag og hard konkurranse mellom mediehus, seier Lurås.  Han peikar på stadig nye innstrammingar på grunn av dårleg økonomi fører til større press mot ein uavhengig journalistikk. Og at skiljet mellom journalistikk og marknadsføring er under press.

- Det er viktig å sørge for at journalistar framleis kan vere ei fjerde statsmakt, og levere kritisk og undersøkande journalistikk.

Resten av styret i Telemark Journalistlag

  • Nestleiar Randi Berdal Hagen (VTB)
  • Sekretær Carolyn Wanjiru Selliken (TA)
  • Kasserar Jannicke Møller Andersen (NRK)
  • Styremedlem Arve Moen (Varden)

Vara: Fredrik Nordahl (Varden), Audun Hasvik (NJ Frilans)

Kontaktinformasjon til Ragnar Lurås

  • Mobil: 976 57 665
  • E-post: ragnar.luras@nrk.no