FRÅSEGN: Intensivering av påtale mot frilansjournalistar i KviterusslandTV-journalist Larysa Shchyrakova og advokat Volha Siakhovich deltok på nordisk frilansseminar i Malmø. Åsa Ohlsson, leiar Frilans Syd, er ansvarleg for eit samarbeidsprosjekt mellom det kviterussiske journalistforbundet (BAJ) og Frilans Syd. Foto: Hasse Hedström

FRÅSEGN: Intensivering av påtale mot frilansjournalistar i Kviterussland

– Det er ulovleg å vere journalist i Kviterussland om du ikkje får akkreditering frå staten - som blir kalla "det siste diktatur i Europa". Uavhengige journalistar blir dynga ned med bøter, fengsla og truga med at borna kan bli tekne i frå dei, om dei ikkje sluttar som journalistar. Likevel står dei på, og det minste vi kan gjere er å støtte dei i kampen om pressefridom, seier Oddrun Midtbø, leiar av NJ Frilans.

I samband med den store nordiske frilanskonferansen Nordic Freelance 2018, samla leiarane for nordiske frilandsforbund seg om ei felles erklæring til støtte for frilansarar i Kviterussland.

– Det er sterkt å vere vitne til kampviljen og motet dei kviterussikske kolegaane våre har, trass i at det er blitt vanskelegare med åra. Og det er godt å kjenne på og vere ein del av den solidariteten vestlege kollegaer står for. Eg veit at det er viktig for at dei skal halde oppe motet, seier leiar av NJ Frilans Oddrun Midtbø.

FRÅSEGN: Intensivering av påtale mot frilansjournalistar i Kviterussland

See English version

Påtalen av frilansjournalistar i Kviterussland trugar både ytringsfridomen og privatlivet til frilansjournalistane. Å gi bøter til journalistar som bidrar til utanlandske media bryt med dei internasjonale reglane for pressefridom og retten til tilgang til informasjon. I 2017 gav kviterussiske myndigheiter 69 bøter til frilansjournalistar og, så langt i 2018 har det blitt gitt 76 slike bøter.

Desse tala viser at situasjonen til dei kviterusssiske frilansjournalistane har blitt verre i 2018. Påtalen av frilansjournalistar for å samarbeide med utanlandsk massemedia utan akkreditering har klart auka. Summen av bøter baserte på artikkel 22.9, del 2 i den kviterussiske lova om administrative lovbrot er no til saman på over 25 000 euro hittil i år. Meir enn 76 rettsakar er førte mot frilansjournalistar i 2018 på bakgrunn av slike administrative tiltalar.

Som frilansjournalistar i dei nordiske landa er vi særs bekymra for den noverande situasjonen med tanke på frilansjournalistane sine rettar i Kviterussland. Vi, deltakarane på Det nordiske frilansseminaret 2018 i Malmø, Sverige, ber myndigheitene i Kviterussland om:

  • Å ikkje trakassere journalistar for å drive med journalistisk aktivitet
  • Å augeblikkeleg stoppe tiltalen av frilansjournalistar for det profesjonelle arbeidet deira som journalistar
  • Å endre den kviterussiske medielova for å garantere like rettar for alle journalistar i samsvar med internasjonale standardar og Kviterusslands internasjonale forpliktingar 

Frilans Riks frilanslaget i Svenska Journalistförbundet (SJF)
SFJ, organisasjonen for finske frilansjournalistar i Finland
FAO, Frilansorganisasjonen for radio- og TV-journalistar i Finland
NJ Frilans, i Norsk Journalistlag
FreelanceGruppen i Dansk journalistforbund