Kven blir ”Årets klubbleiar”?100 tillitsvalde frå heile landet deltok på NJ sin tariffkonferanse i Oslo juni 2017.

Kven blir ”Årets klubbleiar”?

Tillitsvalde landet rundt, som kvar dag legg ned ein stor innsats for medlemane og organisasjonen, er sjølve limet i NJ. Det er lett å gløyme desse kvardagsheltane. Og fremst av alle står klubbleiarane

Difor har NJ oppretta ein ny pris. Vi vil heidre ein som i nyare tid har lagt ned ein ekstra stor innsats, enten i oppfølging av enkeltmedlemar, klubben eller på andre måtar har bidrege for laget.

Alle som er medlemar av Norsk Journalistlag kan fremje kandidatar. Forslaget med kort grunngjeving sender du til dag.idar.tryggestad@nj.no innan onsdag 15. november.

Prisen blir delt ut under Styrkeløftet 28.-29. november.