Longvastøl tilbake til Firda

Journalist Ivar Longvastøl gjer comeback i Firda. Sunnmøringen har sidan i haust jobba ved NRK Sogn og Fjordane, men går no tilbake til avismediumet.

Han har både lærar- og journalistutdanning frå høgskulen i Volda. Ivar har vore journalist i 14 år, fyrst i Møre Nytt og Sunnmørsposten, deretter ni år i Firda. Han har arbeidd fire år som lærar i grunnskule og vidaregåande skule og eitt år som loddefiskar i Barentshavet.

Ivar Longvastøl fekk den fyrste Gulaprisen som vart delt ut, i 1997. Det er ein pris til minne om nynorskavisa Gula Tidend L/L, som blir delt ut ein gong i året til ein journalist i Sogn og Fjordane eller Hordaland som har utmerka seg med framifrå nynorsk journalistikk.

Longvastøl tilbake til Firda