Fremtidens journalistikk på PUFF

– Aukande grad av automatisering, og meir robotjournalistikk betyr ikkje at vi som journalistar og redaktørar blir overflødige, sa Magne Otterdal.

Av: Kjell Åsmund Sunde 

10.- 11.mars blei PUFF-konferansen, i regi av Fagpressen, arrangert på Holmen Fjordhotell i Asker. Tittelen på årets konferanse var: Nye takter, og mykje av det faglige innhaldet dreia seg om framtida til journalistyrket. Om lag 50 deltakarar fekk i løpet av dei to dagane i Asker mykje fagleg påfyll og ein god porsjon sosialisering attpåtil.

Dei fleste foredrag og kurs blei gjennomført på fredagen, men òg laurdag føremiddag var det mogleg å få fagleg påfyll. Av sosiale tilstellingar var det spa-besøk og felles middag på fredag, som var dei store hendingane.

Når journalistikken blir automatisert

Magne Otterdal var første foredragshaldar under konferansen. Han presenterte noko av innhaldet i si nye bok, som handlar automatisert journalistikk.

– Aukande grad av automatisering, og meir robotjournalistikk betyr ikkje at vi som journalistar og redaktørar blir overflødige, sa Otterdal.
Han peika på at journalistar i framtida vil kunne gå djupare inn i stoffet og vere meir ute i felten. Dett fordi robotar og annan type automatisering vil ta over meir og meir av den klassiske oppsummerings- referat-journalistikken. Otterdal nytta si eiga mediekarriere som ramme for å fortelle historia om at utviklinga går fort og har gjort det lenge.

Nye måtar å nå ut til folket

Dei seinare åra har følgjarar og likes nesten blitt som ein ny valuta, når det gjeld å måle kva saker folk interesserer seg for.
Tre av foredragshaldarane under konferansen presenterte prosjekt, dei har vore med på, som har skaffa deira fagmagasin auka nettrafikk.

Paal Svendsen, som er nettredaktør i Utdanningsnytt, fortalte om korleis dei auka nettrafikken med 86 prosent med enkle marknadsføringsgrep i sosiale media.

Marit Fonn, i Sykepleien, synte fram ein video ho hadde produsert, som omhandla setefødsel. Videoen gjekk viralt og har hatt 16,5.millionar visningar. Filmsnutten har òg skaffa Sykepleien 20.000 nye følgjarar frå heile verda.

Fagleg påfyll gjennom praktisering

På konferansen fekk òg deltakarane muligheit til å prøve ut ymse digitale verktøy. Ulla Gjeseth Schjølberg, som er journalist hos forskning.no, hadde eit grafikkurs for deltakarane. Ho synte fram ulike digitale verktøy ein kan nytte for å lage grafikk i sakene sine.

– Ein treng ikkje å vere ekspert på programmering for å bli flink med grafikk, sa Schjølberg.

Deltakarane blei delt inn i grupper som gjennom bruk av dei grafiske verktøya skulle løyse ulike oppgåver. Her gjaldt det å vere kreativ og bruke verktøya godt. For gruppa med det beste grafikkarbeidet blei under middagen seinare på kvelden løna med premie i form av eit eksklusivt skrivekurs.

Laurdag heldt Mona Langset frå VG videokurs, der fekk deltakarane muligheit til å lære kor enkelt ein kan redigere film med sin eigen mobiltelefon.

Å komme seg under overflata

Fleire av foredragshaldarane presenterte arbeid som omhandla gravejournalistikk. Ola Tømmerås frå Fagbladet fortalte om korleis dei jobba for å avdekke

søppelskandalen i Oslo kommune. Han fortalte mellom anna om korleis rovdrift av renovatørar skapte farlige situasjonar og umenneskelige arbeidsforhold.

Kadafi Zaman frå TV2 kom til Asker for å fortelle om arbeidet med dokumentaren ”Norge til salgs”. I dokumentaren går Zaman undercover og utgir seg for å vere pakistansk flyktning. Han og to medarbeidarar besøker i alt sju ulike land for å dokumentere forholda flyktningar lev under. Dokumentaren er i stor grad filma med skjult kamera og har blitt nominert til SKUP.

– Hovudgrunnen til at vi ville lage denne dokumentaren var at vi ikkje kunne forstå kvifor flykningar ville reise frå trygge omgivnadar i Libanon, Jordan og Tyrkia, sa Zaman.

Andre foredragshaldarar på kurset var: Henning Aarset frå Kommunal Rapport, Kari Oliv Vedvik frå Utdanning, Svein Arne Haavik frå VGs partnarstudio, Martin Toft frå Uniforum og Bart Tholens frå Sykepleien,