Kva skjer i 2018?Leder av NJ Frilans, Oddrun Midtbø, har ordet. Foto: Journalisten.no

Kva skjer i 2018?

Nytt år, blanke ark. Eg hadde skrive eit langt innlegg med blikk på dei 30 åra eg har bak meg som frilansar i mediebransjen. Men eg kasta det; eg vil sjå framover.

Av: Oddrun Midtbø

Kanskje ein del av det som hamna i søpla kunne vere interessant for nye, yngre medlemar: Kanskje nokre har lyst til å få innblikk i korleis det var den gongen frilansjournalistar hadde næringsforbod? Det vart oppheva i 2002.

Eller korleis det var før mobiltelefonen vart journalisten og fotografen sitt viktigaste verktøy?

Eller den gongen tilgangen til det magiske mørkerommet løfta deg inn i eliten som kunne levere ferdig fotoprodukt?

Eller mimring frå Landsmøtet i 1997, då NJ kasta ut medlemar som jobba med informasjon og kommunikasjon. Og ba dei inn att i varmen - nøyaktig 20 år etter - så lenge dei kan syne til at litt av inntekta kjem frå journalistikk. 

Herregud! Eg føler meg som ein dinosaur når eg skriv dette, men eg er ikkje flau over at eg har runda 50 år. Ein skal ikkje kimse av erfaring, men heller ikkje motarbeide det nye som dukkar opp. Slik er også tankane mine når det gjeld medlemane våre; gamalt og nytt i ei salig blanding gir best resultat.

Eg vil bruke spalteplassen til å fortelje om kva NJ Frilans vil gjere for deg framover. Er du nysgjerrig på historia, får du google på nettet.

Det store prosjektet våren 2018, er arbeidet med dei nye rettleiande satsane. Fleire medlemar har kontakta oss i styret for å få tilgang til dei. Det er flott at de er utålmodige, men me må gå gjennom heile den formelle prosessen før me lanserer dei med eit brak. Sjekk innom denne artikkelen om du er interessert i meir informasjon om satsane.

Til våren ein gong kjem også konklusjonen etter MBL-forhandlingar om rammeavtalen. Sjølv om det såg mørkt ut hausten 2017, har me tru på at det skal gå bra. (Les informativ artikkel i Journalisten

OBS på frist 15. januar for å søkje stipend til kurs i vår. Kurs- og konferansar er eit av dei store goda for deg som medlem, men då må du vere på hogget sjølv; melde deg på og eventuelt søkje stipend.

14.-16. september: Nordisk seminar blir i Malmø. Nordisk kontakt i styret, Lisbet Jære, kjem med informasjon om nordisk samarbeid i løpet av januar. 

19.-20. oktober: Frilans 18 og årsmøte. Då skal styret stillast til veggs. Målet er sjølvsagt at flest mogeleg medlemar møter, og at styret leverer på alle dei ni punkta me lova under årsmøtet i fjor.

Prosjekt eksiljournalist har ført til at NJ Frilans har fått fleire nye medlemar. Nytteverdien av samarbeid går begge veger. Utanlandske kollegaer som er i Norge treng å kjenne at dei høyrer til eit miljø, at dei blir respektert som likeverdige. Norske journalistar kan ha stor nytte av å ha kontakt med folk som kjenner kulturen, språket og som har eit stort kontaktnett i det landet dei skal skrive om eller frå.

Eg har trua på at 2018 skal bli året der bransjen sjølv; våre fagforeiningskollegaer i faste stillingar, vil stoppe opp og tenkje etter kva som skal til for å sikre deira eigne arbeidsplassar. Då må dei for all del unngå at frilansarar blir så billige at sjefane på pengesekken byter dei ut med billige frilansarar dei slepp å ha det daglege ansvaret for.

2018 er eit viktig år for utvikling av mediebransjen og ikkje minst arbeidssituasjonen for oss frilansarar. Eg håper du som medlem kjenner på at du er viktig og at du deltek aktivt for å dra det i rett retning. Har du noko du vil styret skal ta opp, ta kontakt.

Takk!

 

Møteplan for AU og styret – dei fleste møta er digitale:

29. januar: AU-møte

13. februar: Styremøte

8. mars: AU-møte

19. mars: Styremøte

10. april: AU-møte

18. april: Styremøte

28. mai: AU-møte

11. juni: Styremøte – sommaravslutning

27. august: AU-møte

13. september: Styremøte

14.-16. september: Nordisk i Malmø

18. oktober: Styremøte

19.-20. oktober: Frilans 18 og årsmøte