Konstruktiv dialog med HM

Konstruktiv dialog med HM

NJ/FJ hadde sist mandag første møte med HM-konsernet vedrørande dei omdiskuterte frilansavtalane. På møtet stilte NJ-juristane Stein Larsen og August Ringvold, saman med NJ-nestleiar Kjetil Haanes (bildet) og FJs organisasjonssekretær Torbjørn Valum.

På møtet la NJ fram eit utkast til eit revidert avtaleforslag for frilansarane. Dette forslaget la vekt på å sikre frilansarane langt større råderett over bruken av stoffet enn det HM i utgangspunktet la opp til.
Det er fastsett nytt møte 4. mai, og til det møtet skal Hjemmet Mortensen ha klart eit tilsvar på dette utkastet.
NJs nestleiar Kjetil Haanes seier at det er ein konstruktiv dialog mellom NJ og HM.
- Vi er langtfrå i mål, men eg har god tru på at vi til slutt kan få på plass ein avtale som NJ kan tilrå frilansarane å signere. Den første avtalen HM kom med, var det umuleg for NJ å setje sitt stempel på. Til det vart altfor store rettar overført frå frilansaren til selskapet, utan kompensasjon for frilansaren, seier Haanes.