Sibir eksotisk for russarar

Sibir eksotisk for russarar

Ei togreise til Sibir av to norske frilansjournalsitar fekk russiske journalistar i Moskva og journaliststudentar i St Petersburg til å måpe. Og riste på hovudet. Gærningar!

For tida er eg på russiskkurs i Pushkin, rett sør for St Petersburg. I slutten av september var eg i presseklubben i Moskva og viste foto frå Sibirreisa til Hattestein & Bendz. Sist torsdag gjorde eg det same på fakultetet for journalistikk i St Petersburg.

Sibir eksotisk for russarar
Eksotisk foredrag for russiske journaliststudentar...

Responsen var snedig; Ingen hadde vore der! Sibir er like fjernt – og uinteressant? -  for dei som for nordmenn. På førehand var eg ganske spak, skal eg liksom fortelje russarane om Russland? Eg fokuserte på korleis vi, som norske frilansjournalistar utan ryggdekking frå ein arbeidsgjevar, taklar å reise i eit framand land, med små språkkunnskapar og til tider på ganske gyngande grunn. Då tenkjer eg ikkje på permafrosten som tiner. Vi reiste med tog på 3. klasse - berre det avkom latter og bestyrta risting på hovudet. Dette var eksotisk!

Studentane var oppriktig engasjerte i klimaendringane og kva vi opplevde og fekk vete, journalistane i Moskva var meir blaserte, og tykte vel vi var litt galne. Det er jaggu lengre frå Moskva til Jakutsk enn frå Førde til Jakutsk!

På fakultetet i St Petersburg følgde to andre norske språkelevar opp; Harald frå Stavanger Aftenblad snakka om dei historiske banda mellom naboane Noreg og Russland, medan Anbjørg Bakken, som byrjar som korrespondent i Moskva for Aftenposten i januar, fortalde om skilnadane på norsk og russisk presse.

 



Å vere frilansar i Russland er tøft, og på grunn av snakkesalege lærarar fekk vi dessverre alt for lita tid til å snakke med studentane om kva forventningar dei hadde til arbeidslivet, og kvifor dei hadde vald journalistikken. Men responsen under føredraget mitt var enorm, og kanskje gav eg dei litt å tenkje på både når det gjeld frilansing og synet på sitt eige land? Dei spurde om vi ikkje intervjua nokre offisielle personar, men bortsett frå ein klimaforskar i Tomsk var det berre vanlege folk vi snakka med. Fordi dei faktisk er dei mest interessante. At eg alltid snakkar med bønder og at eg sjølv har vore sauebonde var visst også veldig sært. Eg poengterte at folk flest faktisk er veldig trivelege, gjestfrie og imøtekomande, anten dei bur i Sibir, Noreg eller Langtvekkistan. Det gjeld berre å ha eit ope sinn og vere interessert.

Sibir eksotisk for russarar
Journaliststudentar i St Petersburg fekk høyre nytt frå Sibir, av ein norsk frilansar. (Foto: Magne Nordli)


Men at vi torde å hoppe av toget i ein liten landsby in the middle of nowhere – og kom frå det utan men (men med ein gedigen bakrus..), det imponerte begge stader. Om vi ikkje var redde? Men det hadde vi ingen grunn til å vere!

I Moskva budde eg hos frilansjournalist- og fotograf Victoria Ivleva, som vi hadde gleda av å møte og høyre på Hell. Ho er no medlem av det russiske journalistforbundet - mykje på grunn av Hellkonferansen, virka det som.

Do svidanja! Marit Bendz, Pushkin