Brev fra den nyvalgte lederen i NJ FrilansOddrun Midtbø på kontoret sitt i Sogndal. På veggen har hun hengt opp tiltaksplanen til NJ Frilans, for at hun daglig skal minnes på kampen for frilanserne.

Brev fra den nyvalgte lederen i NJ Frilans

– Eg er direkte, effektiv og litt for utålmodig og rask av og til, forteller den nyvalgte lederen Oddrun Midtbø.

Hei!

Som nyvald leiar for NJ Frilans vil eg at medlemane skal vite kva me driv på med.

Kort om meg: Har vore NJ-medlem sidan 1985... Etter at eg kom heim frå Nicaragua som solidaritetsarbeidar (bygde ein jordskjelvsikker skule) freista det ikkje å gå inn i eit A4-yrkesliv, derfor valde eg å bli frilansar i 1988. 

Jobb: Leverer tekst, foto og illustrasjon. Har alltid hatt base i Sogndal, med kundar spreidd over heile landet, dei siste åra også i Norden. Har vore redaktør i lokalradio, redaktør for magasin for gründerar, illustratør og medforfattar/forfattar av ulike bøker.

Dyrt å ha leiaren på Vestlandet? Å ha base i Sogndal er ikkje eit problem. Me har direktefly til Oslo og teknologien har nådd bushen slik at me ikkje treng belaste pengesekken på unødvendige fysiske møte i hovudstaden. Skypemøte er både rimeleg og effektivt.

NJ-erfaring: Eg har vore tillitsvald i fleire periodar tidlegare og opplevd bølgjedalar i NJ Frilans, men aldri at me har fått så mykje interesse og støtte frå NJ sentralt som akkurat no. Me er ei viktig og stor gruppe i NJ. Det skal me bruke til beste for medlemane våre. Eg har elles erfaring frå andre verv i ulike stiftingar og organisasjonar. 

Leiarstil: Eg er direkte, effektiv og litt for utålmodig og rask av og til. Då er det godt å ha eit styre sett saman av ulike typar, som eg skal gjere mitt beste for skal ha det ok og jobbe godt saman. Eg er oppteken av at me skal vere flinke til å involvere og informere medlemane, vere synlege og opne. Målet vårt er å levere på dei 9 punkta på tiltaksplanen. 

Løn/dugnad: Som leiar for NJ Frilans, har eg løn tilsvarande ein arbeidsdag i veka; dvs. 20 % av ein gjennomsnittleg journalistløn på kr. 576.000. Alle dei andre i styret jobbar stort sett dugnad, får dekka tapt arbeidsforteneste (ca. kr. 1700,-) på styremøte. Det blir likevel mykje gratisarbeid. Det er difor viktig at me føler det er meiningsfull bruk av tid. Det skadar heller ikkje at me har det moro og trivst saman.

Me er i gang: Rett etter valet laurdag hadde me vårt første styremøte. Me har satt opp møtedatoar fram til februar 2018, og fleire av oss deltek på nordisk toppmøte og seminar i Helsinki seinare i denne veka. 

NJ står til teneste: Eg er blitt råda til å opplyse fast tidpunkt der eg er tilgjengeleg, men veit av erfaring at eg er ein fleksibel type som svarar til ulike tider av døgnet. Skal prøve å sluse det til ein dag, men tida får sjå.. 

Uansett; har du spørsmål skal du vite at NJ-administrasjonen har telefonvakt for slike som oss. Jobben deira er å hjelpe når me ringer. Difor; nøl ikkje med å ringe 22 05 39 50 om du treng råd eller hjelp.

– Oddrun