Vil du vite meir om frilanslivet i Europa?

Vil du vite meir om frilanslivet i Europa?

Les du dette innlegget, vil du lære kva EFJ FREG betyr, og om du som medlem har noko å hente ved at eg som din leiar også deler leiaransvaret i frilansekspertgruppa i det europeiske journalistforbundet.

Då eg vart vald som leiar av NJ Frilans, fekk eg spørsmål frå NJ om eg ville vere deira representant inn i frilansgruppa i det europeiske journalistforbundet. Ta over nestleiarplassen etter tidlegare NJ Frilans-leiar, Anette Andresen. (EFJ FREG = European Federation of Journalist Freelance Expert Group). Ettersom eg er interessert i internasjonale forhold, vart eg smigra og sa ja utan å nøle.

Møtet i Minsk

Det første FREG-møtet i Minsk, Kviterussland (november 2017) styrka trua på kor viktig internasjonalt samarbeid er for å sikre det frie ordet, og det ga nokre perspektiv på kor ulike utfordringar frilansjournalistar har rundt om i Europa.

NJ har signalisert at dei vil eg skal halde aktivitetsnivået på eit minimum; på grunn av økonomi og at internasjonalt arbeid er dekka gjennom andre aktivitetar. Eva Stabell gjer ein god jobb på det området.

 

Nøkternt, intimt og sosialt preg på lunsjmøta på FREG-kontoret i Brussel. (Foto: Oddrun Midtbø)

Møtet i Brussel

I slutten av februar hadde FREG møte i Brussel, og eg vart utfordra på å dele leiarvervet med Pablo Aiquel frå Frankrike. Resultat: vart trigga, tok utfordringa. Det er vanskeleg for ein engasjert sjel å tone ned aktiviteten når ein får sjansen til å utgjere ein skilnad. Med posisjonar følgjer makt og nettverk, som kan kome medlemar – og meg - til nytte.

Den munnlege avtalen med NJ er at eg får dekt tapt arbeidsforteneste og møtegodtgjersle for to møte i året. Og sjølvsagt reise og opphald. Det betyr at enkeltpersonføretaket mitt nok ikkje får sine beste år i løpet av denne perioden, men eg er optimist og trur det kan opne seg prosjekt som fører til pengar i kassa – etter kvart. Det er likevel ikkje hovudmotivasjonen for å ta desse verva, men me veit alle korleis det er: Ingen betalte oppdrag = ingen inntekt eller løn å betale rekningar med. Så enkelt og brutalt.

Du som medlem skal ikkje vere redd for at eg skal gløyme deg når eg no har fått eine foten ut i verda: Hovudfokuset mitt er retta mot frilansforhold i Norge, men det skader ikkje å utvide horisonten. Og kanskje få tilgang til informasjon, nettverk, prosjekt etc. som kan vere nyttige for deg.

Kva er EFJ FREG?

Eg vil råde deg til at du bruker litt av påska/våren til å skumme gjennom EFJ-sidene. (Der vår eiga sak om MBL-rammeavtalen er toppsak i dag, 27. mars 2018) Gjer deg kjent med kva som finst av internasjonalt samarbeid, prosjekt, kampanjar, nettverk etc. Kanskje 2018 er året du tek steget ut i internasjonalt samarbeid?

EFJ-kontoret ligg midt i EU-kvartalet. Kort veg for å drive lobbying for å betre journalistar sine arbeidskår og sentralt når det gjeld dei mange kampanjane og prosjekta dei set i gang; fake news, vern av varslarar, betre vilkåra for kvalitetsjournalistikk, samarbeid med andre frilansorganisasjonar etc.

Diverse ekspertgrupper:

  • Freelance Expert Group (FREG)
  • Authors´rights Expert group (AREG)
  • Broadcasting Expert Group (BREG) Rolf Johansen er medlem
  • Digital Expert Group
  • Labour Rights Expert Group (LAREG)

EFJ-leiar/president er Mogens Blicher Bjerregård frå Danmark. Renate Schroeder er vår dame i systemet; ho er effektiv og serviceinnstilt direktør for EFJ.

Tilbod om webinar

I første omgang kan eg dele dette webinaret «Journalism Safety Training», 9. april kl. 16.00, for dei som er interessert i tryggleikskurs for journalistar. Du kan melde deg på webinaret her: (Ikkje bry deg om at mitt namn står der; legg inn dine eigne opplysningar)

Og/eller laste ned rapporten «Journalists and safety training»

Håper du tykte dette var nyttig å lese gjennom. Eg skal passe på å dele dei internasjonale goda med medlemane som er interessert. Ikkje spamme, men dele.