Artikkelen er mer enn ett år gammel

Anna Roxvall på Nordisk frilansseminar: Høyrde ikkje på råd frå redaktørane

”Fiskar du mange fiskar?” Anna Roxvall var seks år gamal og intervjua ein fiskar i den vesle heimstaden Träslövsläge. Ho var sjølvoppnemnd redaktør for ”Läjesnytt”, som ho tvang foreldra til å kopiere opp på jobben. Og salet gjekk unna, i grannelaget.

Av Ingebjørg Jensen som fikk støtte til å reise på Nordisk Seminar i Malmø.

Alt då visste ho at ho ville bli journalist. Og ho lærde noko ho fekk nytte av seinare i livet: Sende seg sjølv ut for å finne materiale, og gi det ut sjølv.

Sendt seg sjølv ut har ho gjort sidan 2005. Ho og samarbeidspartnaren, fotografen Johan Persson, har alltid vore interessert i historier som er underrapportert. Dei ville lage reportasjar om Afrika – om dei 46 landa som blir snakka om som om det var eitt land. I 2008 sto det på framsida av ”The Economist”: ”The hopeless continent”, om Afrika.

Dei to ville fortelje om glømde konfliktane, fortalde ein engasjerande Anna Roxvall på Nordisk frilansseminar i Malmø.

– Då tenkte vi på Kongo og Kinshasa. Det så ut til at der kom til å bli krig, så dit ville vi reise.

”Svenske lesarar er ikkje interessert i Afrika” Slik svarte redaktørane før dei reiste ut. Dei høyrde ikkje på råda. Likevel får de seld artiklar, og bøker og går med overskot.

I Kongo kunne dei neppe kome nærare på den fryktelige konflikten: Dei måtte sjølv hjelpe til på operasjonssalen medan kulane kvina rundt sjukehuset: Fleire av sjukepleiarane hadde flykta.

Dei har sidan laga reportasjar og bøker frå ei rekke afrikanske land: Burundi, Kongo, Gambia, Sør-Sudan, Kenya og nå Vest-Sahara. Dei skriv ikkje berre om konflikt, men også om tema som overraskar lesaren, som saka om Heavy Metal- musikken i Botswana.

Dei blir ofte spurd om det ikkje er farleg å rapportere frå afrikanske land i konflikt.

– Det farlegaste er punkterte dekk og køyring i vatn der det før var ei bru! Eller vegsperringar, der dei legg steinar over vegen og tar betalt for å fjerne dei. I Vest-Sahara, okkupert av Marokko sidan spanjolane trekte seg ut i 1975, har det stått stille i 25 år mellom okkupantane og frigjeringsrørsla Polisario, som held til i ørkenen. Der er det farlegaste å køyre ut i ørkenen og risikere motorstopp.

Rett nok blei Johan Persson i 2011 arrestert i Etiopia, mistenkt for terrorisme, og dømd til lang fengselsstraff. Heldigvis sleppte dei han ut etter ti måneder.

Dyrt og tidkrevjande er det også: Leige bil med firhjulstrekk, lange reisar på elendige vegar, vente på akkreditering, og betaling for det.

– I Burundi skulle dei ha 600 dollar for akkrediteringa, og då hadde vi allereie betalt for visa. Eller det går treigt: I Algerie er det ingen som skjønar prosessen, heller ikkje ambassaden.

 ”Ingen les fysiske bøker lenger!”

Etter ti år blei dei to lei av å berre selje ein og ein artikkel:

– Dei står på trykk, så forsvinn dei. Dessutan ville eg gjerne bruke det materialet eg aldri brukte i reportasjane.

”Ingen les fysiske bøker lenger!”, svara forlagsredaktørane dei vende seg til.

– Då skipa vi ”Myteriförlag”. Vi trykker på avispapir, og har med ei mengd bilete. No har vi seld 1500 eksemplar av Burundi- boka, noko som er bra for slike bøker. Vi har seld den  neste boka, ”Att svika ett folk”  i 1500 eksemplar – 1100 selde før boka kom ut.

Det meste sel dei gjennom myteriforlag.se, og set opp to ulike prisar: Kr. 199, vanleg pris, og kr.250 for dei som vil støtte dei, det meste gjennom facebook- annonsar og instagram. Mange betalar kr. 250. dei har også halde utstilling på bokmessar, og slik blir folk nyfikne på bøkene. Så tener dei pengar på foredrag, utstillingar, og sjølvsagd: Dei sel reportasjar undervegs.

For å få ut bøkene betalar dei for redaktør, layout, trykking og binding. Dei kjenner mange som vil hjelpe dei – nokre gjer det gratis.

– Vi gjer det meste sjølv, og legg også ut bilete frå prosessen på nettsida. Det er gøy å kontrollere produksjonen av eigne bøker sjølv. Og dei som sa det var umogleg, hjelper oss no!

– Eg vil ikkje gi råd til kollegaer! Alle gissar, ingen veit kor industrien vil hamne. Vårt utgangspunkt er at vi reknar med at nokon vil lese bøkene våre, og at det er det same kva vi lagar for dei veit der er godt!