Artikkelen er mer enn ett år gammel

Hardt liv for journalistar i Kviterussland

Minsk er ikkje mange timar flyreise unna, men livet for våre kollegaer er som frå ei anna tid: Fengsling, trakassering, bøtelegging og trugslar om at borna blir tekne frå dei.

Oddrun Midtbø er leiar i NJ Frilans og
medlem av Freelance Experts’ Group i European Federation of Journalists.

Eg møtte dei to kviterussiske frilansjournalistane Larysa Shchyrakova og Andrus Klikunou for første gong på nordisk frilanssamling på Ilsetra i 2016. Dei fortalde om ein kvardag som var vanskeleg å forstå for oss nordiske journalistar; vi som er mest opptekne av anstendige frilanssatsar, arbeidsvilkår og opphavsrett.

Problemet og løysinga

Problemet i Kviterussland, styrt av den diktatoriske presidenten Aleksandr Lukasjenko, er at både uavhengige journalistar og dei som arbeider for utanlandske medier blir nekta akkreditering for å kunne utøve yrket sitt. Resultat er at dei blir rekna som fritt vilt og utsett for forfølging og røff handsaming av etterretningstenesta, som framleis kallar seg KGB. Domstolane er korrupte og lite nøytrale.Larysa Shchyrakova (foto: Oddrun Midtbø)

Kravet er å endre medielova; fjerne paragraf 22.9 (ulovleg produksjon og distribusjon av massemedieprodukt). Det er paragrafen som forbyr frilansjournalistar å arbeide utan akkreditering frå Utanriksdepartementet.

“Perspektiv og utfordringar”

Eg møter att begge i Minsk i november, på den internasjonale konferansen ”Perspektiv og utfordringar for frilansjournalistar i Europa – med spesiell fokus på Kviterussland.” Konferansen er arrangert av Belarus Association of Journalists (BAJ), IFJ og EFJ-FREG (Den internasjonale journalistføderasjonen og frilansekspertgruppa i Den europeiske journalistføderasjonen). Andrus er med i BAJ-styret og leiar konferansen. Han har invitert maktfolket i landet, utan å få noko respons.

I løpet av 2017 har frilansjournalistar opplevd å bli trakassert av styresmaktene 180 gonger. Det har resultert i 55 rettssaker og bøter på rundt 180.000 kroner, og i nokre tilfelle fengsling. Dei høge bøtene svir, ettersom gjennomsnittsløna i Kviterussland er rundt 3500 kroner i månaden.

Sluttar som TV-journalist

Larysa har teke mykje av denne støyten. Ho er blitt løfta inn i politibil mange gonger. Ho latterleggjer styresmaktene ved å fotografere, filme og gjere rettssakene om til performance. I perioden 2015 – 2017 hadde ho 18 rettssaker mot seg.

– Den største utfordringa er at dei ikkje gir oss nokon sjanse til å leve eit normalt liv, fortel ho med ei sterk røyst. Ho får mykje støtte og solidaritet frå det kviterussiske folket, men når styresmaktene truga med å ta sonen frå ho, ga ho opp. Det er når ho fortel om denne hendinga, at røysta sviktar, tårene kjem og ho bryt saman framfor alle deltakarane på konferansen. Det er stille i salen.

Ho får eit glas vatn, tørkar tårene og går på att.

– Eg elskar jobben min, men kan ikkje risikere helsa og sonen min. Eg har slutta å arbeide som TV-journalist. Når Gud lukker ei dør, opnar han opp ei anna. Alt vil bli bra, seier ho. Ho har likevel ikkje tenkt å gi opp journalistyrket, men går over til å vere skrivande, og mindre synleg, journalist.

 Fleire journalistar ber om ordet. Dei fortel om overvaking og forfølging.

Dei fortel om eit samfunn der dei lærer å vere føre var: Skal dei dekke ei hending, ein demonstrasjon, overnattar dei ikkje heime fordi dei veit politiet vil hanke dei inn, slik at dei ikkje får dekka det som skjer. Dei fortel ingenting over telefon, snakkar i koder, kan ikkje leige seg inn på hotell om dei er på reise. Alt blir registrert.

Internasjonalt press 

– Det einaste som vil nytte er internasjonalt press, meiner fleire av dei kviterussiske journalistane. Dei set stor pris på at kollegaer er engasjerte.

Men kva gjer det internasjonale samfunnet?

Direktør i EFJ Renate Schröder og IFJ-representant Adrien Collin brukte sterke ord for å syne deira solidaritet. Dei prøver å få europeiske politikarar og institusjonar til å fatte omfanget og alvoret i mangelen på rettstryggleik for journalistar i diktaturstaten.

Deltakarane på konferansen (Storbritannia, Tyskland, Norge, Italia, Frankrike, Sverige, Ukraina og Estland) samla seg om ein resolusjon som krev at styresmaktene sluttar å forfølgje og bøteleggje frilansjournalistar. Dei krev at statusen ”frilansjournalist” blir innført i den nasjonale lova for å sikre rettane deira, og at ytringsfridom samt fri distribusjon av presse, blir innført i landet.

Her finner du resolusjonen

Meir om NJ-engasjement i Kviterussland

Renate Schröder, Adrien Collin foto Oddrun Midtbø