Artikkelen er mer enn ett år gammel

NJ i retten mot NRK

Mandag 4. mars starta saka NJ-medlemmene Rajan Chelliah og Simona Halle har anlagt mot NRK etter å ha blitt oppsagt frå stillingane sine i NRK Østlandssendingen.

– Dette er ei svært viktig og prinsipiell sak for NRKJ. Oppseiingane av Rajan Chelliah og Simona Halle svekkar stillingsvernet til tilsette med lang ansiennitet, seier NRKJ-leiar Rolf Johansen. Chelliah og Halle har jobba i NRK i høvesvis 19 og 16 år.

– Simona og Rajan har alltid fått tilbakemelding frå leiinga si om at dei har gjort ein veldig god jobb. Oppseiingane kom dermed ut av det blå og viser at NRK har ein total mangel på forståing og respekt for grunnleggjande reglar i arbeidslivet, seier Johansen.

Det er sett av tre dagar til saka, som starta måndag 4. mars i Oslo tingrett. NJs advokat Knut Skaslien representerer Chelliah og Halle i retten.

– Det er tøft å sitja i retten mot eigen arbeidsgjevar etter 16 og 19 år i jobben, seier Simona Halle og Rajan Chelliah.

Simona Halle og Rajan Chelliah har gått til sak mot NRK for å få kjent oppseiingane ugyldige. – Ei sak NRK burde ha funne ei anna løysing på, seier advokat Knut Skaslien

– Dette er ei sak NRK burde ha funne ei anna løysing på, seier advokat Skaslien.

Chelliah og Halle vart oppsagde i samband med nedbemanning i NRK Østlandssendingen i 2017. Arbeidsgjevar meinte at Chelliah og Halle ikkje hadde tilstrekkelig kompetanse til å gå over i andre stillingar i NRK. Dette meiner dei to, og NJ, at er feil. I Oslo tingrett er målet å få dei to oppseiingane kjende ugyldige.

– Dette er ei viktig sak for alle journalistar. Her har NRK sagt opp to tilsette utan at NRK på førehand har gitt uttrykk for at dei to medlemmene våre ikkje har gjort ein god jobb, og utan at NRK på noko tidspunkt har gitt uttrykk for at dei to bør læra seg det eine eller det andre for å behalda jobben. NRK har heller ikkje kome med noko opplæringsprogram eller tilbudt den tilsette å ta kurs. NRK seier i staden ‘vi har ikkje bruk for deg lenger, vi seier deg opp.’ Slik skal det ikkje vere, uttaler NJs leiar Hege Iren Frantzen.

NJs leiar Hege Iren Frantzen (bak til høgre) var til stades i retten saman med NJ i NRK ved leiar Rolf Johansen (framme til høgre), nestleiar Hege Fagerheim, Anne Berit Larsen og Lars Toverud.

Hausten 2018 var saka oppe i Arbeidsretten. NJ vant då ikkje fram med krav om at utveljingskrinsen for nedbemanninga ikkje kunne avgrensast til berre NRK Østlandssendingen.