Artikkelen er mer enn ett år gammel

NJs konferansestipend våren 2020 er lyst ut

Norsk Journalistlag har lyst ut ei rekkje stipend til journalistfaglege konferansar. Du treng ikkje vere NJ-medlem for å søkje på stipenda.

NJs konferansestipend

Kvart år deler Norsk Journalistlag ut fleire hundre tusen kroner i såkalla konferansestipend til journalistfaglege konferansar. Konferansestipenda, som varierer mellom 1000-7500 kroner, kan brukast av heldige stipendmottakarar til å dekkje kostnader til reise, overnatting og deltakaravgift på journalistfaglege konferansar som PUFF, Nordiske Mediedagar, DOK-festivalen og mange fleire.

Kvart konferansestipend blir lyst ut på nj.no under Aktiviteter, og du finn utlysingane ved å filtrere på tema Søknadsfrist.

Nett no kan du søkje om konferansestipend til følgjande konferansar:

Normalt kan ein berre motta eitt konferansestipend per år, og dei som mottok eit konferansestipend i 2018 eller 2019, stiller lengre bak i køen. Søknadene blir behandla av sekretariatet i NJ. Du får som regel svar på om du har fått stipend eller ikkje ca ei veke etter fristen.

Stipenda til SKUP 2020 er allereie delte ut, men følgjer du med på nj.no/aktiviteter kan du etter kvart søkje stipend til haustens Data-SKUP.

NJ Frilans' konferansestipend

NJ Frilans har i tillegg eigne konferansestipend til medlemmer av NJ Frilans. I vår kan du søkje på følgjande frilansstipend:

For å kvalifisere til desse stipenda, må du vere medlem av NJ Frilans og ajour med kontingentinnbetalinga.