Artikkelen er mer enn ett år gammel

Solidaritet med kollegaer på flukt og i eksil

Fråsegn frå landsmøtet i Norsk Journalistlag: NJ sitt Landsmøte oppmodar til at mediebedriftene, saman med deira redaksjonar og medlemar i NJ, er solidariske og inkluderer journalistar og fotografar som lever i eksil i Noreg.

Solidaritet med kollegaer på flukt og i eksil

Europarådet sin rapport «Democracy at risk» konkluderer med at pressefridomen i Europa ikkje har vore meir skjør sidan den kalde krigen. Kampen om ytringsfridomen hardnar til. Journalistar over heile verda opplever å bli fengsla, truga på livet eller drepne berre fordi dei utøver yrket sitt.

I Noreg er situasjonen mindre risikofylt, men me ønskjer å syne solidaritet med våre kollegaer som tek kampen ute i verda, og ikkje minst dei som hamnar i eksil – i Noreg. NJ sitt Landsmøte oppmodar til at mediebedriftene, saman med deira redaksjonar og medlemar i NJ, er solidariske og inkluderer journalistar og fotografar som lever i eksil i Noreg.

Landsmøtet i Norsk Journalistlag, 28. mars 2019