Svein Rune Kjøllesdal tek over Sogn og Fjordane

Vi er inne i ei tid der mediebransjen endrar seg raskare enn nokon gang. Vi blir stadig færre i kvar redaksjon, og det er ein kamp om å finne nye måtar å halde inntektene opp på, seier Kjøllesdal.

Svein Rune Kjøllesdal tek over Sogn og Fjordane

- Dette er utfordrande for dei som jobbar i bransjen, og vi kjem stadig i situasjonar der det er godt å ha nokon å ta kontakt med. Då er det naudsynt å ha ei sterk fagrørsle i ryggen. Jakta på nye måtar å tene pengar på, gir også andre utfordringar der vi i NJ må vere tydelege. Kvar går skillet mellom betalt innhald og journalistikk. Det er viktig at vi vernar om den frie journalistikken, meiner han.

I det nye styret:

Varaer: Anna Irene Wuttudal (Fjordabladet), Stine Kyrkjebø Johansen (NRK) og Ina Eirin Eliassen (Porten.no).

Kjøllesdal tek over etter Geir Bjarte Hjetland. Han jobbar til dagleg som journalist i Firda. Han har tidlegare jobba i Fædrelandsvennen, er busett i Førde, opphaveleg frå Utvik.