Kva vil vi oppnå?

Norsk Journalistlag som organisasjon ønskjer å gjere ein positiv skilnad når det kjem til klima og miljø.

Norsk Journalistlag skal verte meir medvitne rundt korleis arrangement og aktivitetar vi står bak kan redusere negativt klimaavtrykk.

Kvifor betyr dette noko?

NJs landsmøte 2019 vedtok i eit tillegg til NJs program at “NJ erkjenner klimautfordringene, og skal aktivt tenke grønt i sitt arbeid”. Dette er eit tydeleg oppdrag til organisasjonen om at NJ skal ta vår del av ansvaret for den situasjonen kloden no er komen i – og jobbe aktivt for å motverke yttarlegare forverring av klimaet på kloden.

Gjennom å nytte dei verkemiddela vi har til rådvelde, kan vi syte for at aktivitetar i regi av NJ vert grønare og meir klimavenlege.

Korleis vil vi gjere det?

Arbeidet med klima i NJ er todelt: Mykje av ansvaret ligg på NJ som organisasjon. Gjennom politiske organ kan NJ vedta ein grønare politikk for organisasjonen, og sekretariatsleiar kan leggje til rette for grønare drift av sekretariatet i det daglege.

NJ er ein fagorganisasjon, og våre tillitsvalde kan i tillegg bidra aktivt til fordel for klimaet gjennom påverknadsarbeid i redaksjonane der ein er tilsett og har sitt daglege virke.

Under følgjer råd om korleis organisasjonen og dei tillitsvalde kan gjere NJ sitt arbeid grønare.

Grønare arrangement

Servering

  • Ved alle arrangement med servering i regi av Norsk Journalistlag skal ein vektleggje kortreist og klimavenleg mat.
  • Før ein bestiller servering til arrangement hjå hotell eller andre aktørar, bør ein forhøyre seg om korleis dei jobbar for å redusere matsvinn
  • Ved arrangement der ein nyttar eingongsservise, skal ein så langt det er mogleg nytte miljøvenleg eingongsservise. Dette tyder servise i nedbrytbart materiale.

Transport

  • Når ein planlegg arrangement i regi av Norsk Journalistlag, må ein tenkje over korleis deltakarane skal kome seg til og frå arrangementet på ein mest mogleg miljøvenleg – og effektiv – måte.
  • Medlemmer og tillitsvalde kan velje alternativ transport til fly og bil, sjølv om det er dyrare.
  • Be deltakarar på arrangement om å køyre fleire saman der dette er hensiktsmessig.
  • Sett opp felles busstransport frå eit knutepunkt til større arrangement der mange elles ville ha køyrt eigen bil.

Grønare møteverksemd

Pandemien har synt oss at det kan vere meir effektivt, tids- og kostnadssparande å avvikle fleire møte digitalt. Samstundes har vi fått erfare kor naudsynte fysiske møte i nokre samanhengar er, både for dei avgjerdene som skal takast i møtet, for det ein skal ha ut av møtet av sosialisering, samhaldsskaping og nettverksbygging.

Framover meiner vi at ein meir medvite bør nytte begge møteformene i møte i regi av Norsk Journalistlag.

  • NJ må byggje vidare på erfaringane organisasjonen skaffa seg det siste året, og nytte digitale møte i større grad – og meir gjennomtenkt – enn ein gjorde før pandemien.
  • I forhandlingar med hotell, restaurant, reisebyrå, og andre tenestetilbydarar bør NJ stille krav om at dei skal levere klimavenlege tenester.

Påverknadsarbeid i redaksjonane

Som tillitsvalde og fagorganiserte i redaksjonane bør ein freiste å påverke leiinga til å gjere grønare val i på arbeidsplassen. Til dømes:

  • Ein bør setje seg inn i “grøne tariffkrav” i førebuingar til lokale forhandlingar. NJ bør i høvelege samanhengar ha arrangement og opplæring der dette er tema.
  • Ein bør gjennomgå ledda i den redaksjonelle produksjonen og undersøke om det går an å gjere meir klimavenlege val. Ta del i diskusjonsgrupper, informer på arbeidsplassen og tenk kreativt!

Døme på ting ein kan drøfte eller iverksetje:

  • Subsidiere kollektivreiser og/eller el.sykkel for dei tilsette
  • Oppmode til innkjøp av “rykke-el.sykkel” og “rykke-el.bil” til redaksjonen
  • Gjenbruk av servise – og bruke meir klimavenleg eingongsservise
  • Kjeldesortering
  • Jobbe for å redusere el.avfall og i alle fall resirkulere det riktig!
  • Skal ein ha ein regel for kor lenge ein skal ha det elektroniske utstyret før ein byttar det?
  • Bruke mindre papir
  • Fleire digitale møte der ein kan, men utan at dette går på akkord med den gode journalistikken.
  • Meir klimavenleg møteservering: kortreist, sesongbasert og gjerne vegetarisk

Har din redaksjon gjort andre klimatiltak? Tips NJ på nj@nj.no – så kan fleire få inspirasjon!

Denne rettleiaren vart vedteken av landsstyret i Norsk Journalistlag 3. februar 2021.