Artikkelen er mer enn ett år gammel

Dag Idar Tryggestad er innstilt som ny NJ-leiar

Valkomitéen i Norsk journalistlag har samrøystes vedteke å innstilla Dag Idar Tryggestad frå Bergens Tidende som ny leiar i organisasjonen. Det digitale landsmøtet 16.-18. mars skal velja ny leiar, etter at Hege Iren Frantzen har fråsagt seg attval.

Dag Idar Tryggestad har sidan 2017 vore nestleiar i NJ, og før det var han to år varamedlem til landsstyret.

– Dag Idar har gjennom åra i NJ-leiinga vist sine sterke organisatoriske og politiske evner. Han er samlande og godt likt på alle nivå i organisasjonen, seier leiar i valkomitéen, Jan Børge Leirvik.

Dag Idar er 46 år og opphaveleg frå Hellesylt på Sunnmøre.  Her starta han med journalistikk alt i 13 års-alderen! Dei siste 20 åra har han budd og jobba i Bergen. Han har vore klubbleiar i BT og hatt ei rekke tillitsverv i klubb, konsern og lokallag.

Jan Børge Leirvik, leiar i valkomitéen. Foto: NRK

Valkomitéen har hatt ein omfattande prosess og gjennomført rundspørjingar blant klubb- og lagsleiarar og i landsstyret.

– Konklusjonen er at Dag Idar har brei støtte og tillit. I tillegg til å vera sterk organisatorisk og politisk, er han også ein triveleg, sosial og omsorgsfull person, seier Leirvik

Valkomitéen jobbar no vidare med å finna ein nestleiar som kan vera ein god «match» til Dag Idar. Planen er å koma med innstilling i god tid før landsmøtet. Innstillinga på resten av landsstyret, blir som vanleg lagt fram under landsmøtet.