Artikkelen er mer enn ett år gammel

Du kan ha krav på pengar

Jobba du som journalist i 2019 og laga noko som vart sendt i NRK, TV 2, P4, TVNorge, TV3, eller som podcast ein annan stad? Då har du kanskje krav på privatkopieringsvederlag frå Norwaco. Søknadsfrist 12. oktober 2020.

Pengane skal gå til dei som har laga program som er mykje kopiert. Kopiert vil i denne samanhengen seia at dei er lasta ned slik at dei kan sjåast eller høyrast fleire gonger. Dei klart mest brukte måtane å gjera dette på, er podcast for radio og bruk av PVR-boksar til å lagre TV-program. Strøyming via NRK-spelaren, TV 2 Sumo og liknande tenester tel ikkje med.

I menyane i søknadsskjemaa er dei mest kopierte programma lista opp. Fordelinga vil vera avhengig av kor mange søkjarar som melder seg. Er det mange som søkjer på dei mest kopierte programma, vil det bli mindre til dei som er mindre kopierte. Ein kan altså ikkje venta at eit innsendt krav automatisk blir innfridd.

Du melder ditt krav ved å fylle ut skjemaa det er lenka til under. Merk at desse skjemaa fungerer svært dårleg i nettlesaren Internet Explorer. Sørg for å bruke Chrome, Edge, Safari eller ein annan moderne nettlesar når du skal fylle ut skjema. Har du jobba med fleire program, fyller du ut eitt skjema for kvart program. Alle punkt må fyllast ut for kvart skjema. Krava blir så handsama av sekretariatet i Norsk Journalistlag.

Du treng ikkje vere medlem av Norsk Journalistlag for å søkje vederlag, men du må ha bidrege til eit redaksjonelt produkt på den måten at du kan reknast som opphavar. Særleg aktuelle funksjonar er bidrag til manus, foto og redigering.

Søknadsskjema NRK TV

Søknadsskjema NRK Radio

Søknadsskjema TV 2

Søknadsskjema TVNorge/TV3

Søknadsskjema podcast utanfor NRK

Søknadsfrist 12. oktober 2020!