Artikkelen er mer enn ett år gammel

Foreslår attval på leiar og nestleiar

Valkomiteen i Norsk journalistlag har samrøystes innstilt på attval av leiar Dag Idar Tryggestad (BT) og nestleiar Hege Fagerheim (NRK) for to nye år. Vala på dei to heiltidsverva og resten av landsstyret skal gjerast på NJs landsmøte i mars.

Tryggestad blei vald til leiar på landmøtet i 2021 etter to periodar som nestleiar. Fagerheim overtok samstundes nestleiar-vervet. Begge har lang erfaring som tillitsvalde – Tryggestad i BT, Schibsted og NJ Bergen – Fagerheim frå NJ i NRK.

Innstillinga kjem etter at valkomiteen i haust har gjennomført omfattande rundspørjingar blant klubbleiarar, lagsleiarar og landsstyret. Desse viser at dei to har høg tillit og det er eit tydeleg ynskje om at dei to held fram i toppverva.

Valkomiteen meiner Dag Idar Tryggestad har vist seg som ein målretta leiar, som er strategisk og tydeleg på NJ sine standpunkt. Han har ein leiarstil som blir svært godt likt blant medlemmane.

Medan Tryggestad har snart seks år bak seg i NJ-leiinga, har Fagerheim dei to første åra gjort seg kjend med heile organisasjonen og utfordringar framover. Også ho er sterkt motivert til å halda fram. Ho er organisatorisk sterk og har ein bakgrunn som gjer ho særskilt oppteken av at NJ skal vera for fleire enn dei klassiske nyheitsjournalistane.

Valkomiteen meiner dei to toppleiarane utfyller kvarandre, både i erfaring, kompetanse og arbeidsstil. Dei nyt stor respekt både blant medlemmar, samarbeidspartnarar, motpartar og politikarar.

Les: NJs valkomité ynskjer innspel til kandidatar til det nye landsstyret.