Artikkelen er mer enn ett år gammel

Grethe Brandsø er Årets klubbleiar

Klubbleiar i NTB, Grethe Brandsø, fekk prisen Årets klubbleiar 2018 for arbeidet med å forsvara lokalavtalen i NTB.

Grethe Brandsø (NTB) fekk utmerkinga “Årets klubbleiar” under Norsk Journalistlag sin store konferanse for tillitsvalde, NJ Styrkeløft, i Oslo 27. november 2018. Dette er andre året at prisen Årets klubbleiar vert utdelt. Juryen skriv følgjande i si grunngjeving:

Når mykje står på spel, er det krevjande å vere den som skal stå opp og forsvare fellesskapet. Når den lokale leiinga attpåtil ikkje held seg til spelereglane, krev det si kvinne å vere den som skal stå opp mot makta. Då må ein vise klokskap, vere stødig og trygg på at dei vala ein tek skal føre fram til det beste for medlemane.

Desse eigenskapane fekk årets klubbleiar verkeleg bruk for tidlegare i år, då vi opplevde det største angrepet på lokale gode i nyare tid.
Ved at ho stod opp så klart, både internt og offentleg, sende ho eit tydeleg signal til resten av arbeidsgjevarfellesskapet om at lokalt framforhandla avtaler ikkje er noko ein set i spel, men viser respekt.

For den innsatsen som vart lagt ned, skuldar NJ-kollektivet henne og klubben ein stor takk!