Hederspris til Sunnhordland-journalist Hilde Vormedal Nybø

Under NJ Haugesund sin årlege konferanse på Karmøy, var det Sunnhordland-journalist Hilde Vormedal Nybø som fekk årets heiderspris.

Ho har markert seg som ein grundig, kompromisslaus, nysgjerrig og dyktig journalist gjennom meir 25 år, der ho har vore journalist i både Haugesunds Avis og i Sunnhordland.

I grunngjevinga for prisen som blei delt ut av leiar i NJ Haugesund, Grethe Hopland Ravn, står det:

 

Kva er vel betre for oss i bransjen enn å ha eit forbilde?

Å kunna sjå opp til ein journalist som ikkje gir seg der andre kanskje hadde tatt eit nei for eit nei, eller gitt opp når dei møtte veggen. Som ikkje sluttar å grava – sjølv om motvinden bles journalisten midt i ansiktet, og motivasjonsmusklane etterkvart begynner å verka og bli litt slitne. Og som står rak som ein påle, når saka blir publisert. Prisvinnaren av Haugesund journalistlag sin heiderspris – er akkurat ein sånn journalist.

Eit forbilde for andre, ein journalist som kan sitt fag – og som brenn for det. Ein journalist som på mange måtar er eit skuleeksempel på kva ein lokalavisjournalist skal vera, og som dag etter dag, veke etter veke og år etter år leverer kvalitetsjournalistikk som dekker eit breitt spekter. I eit lite lokallag der journalistane kjenner kvarandre på tvers av redaksjonar, og gjerne slår av ein prat når sjansen byr seg, har namnet på prisvinnaren blitt nemnt mange gonger, av mange forskjellige. Og alltid i gode ordlag.

Personen som i dag får Haugesund journalistlag sin heiderspris er ikkje redd for å ta i dei vanskelege sakene, men mister aldri mennesket av synet.  

Kvar veke leverer prisvinnaren ei imponerande mengd saker, og fjellet av papir, notatblokker, og aviser på skrivebordet vitnar om at mange gode saker framleis er under oppsegling. Ho er alltid på jakt etter nye saker, ny vinkling og nye spor, og skriv saker om politikk, om ulykker, om rettssaker og næringsliv, og spar fram saker frå både postjournalar, frå aksjonærlister, ser bak tala, er alltid nysgjerrig og stiller alltid dei rette spørsmåla. Ho går alltid i djupna og presenterer historia med presisjon, integritet, truverd og kraft.

Å vera ein dyktig journalist handlar også om dedikasjon, lidenskap og mot, som krev ei spesiell form for styrke. Og det handlar om den skarpe pennen. Nettopp det meiner Haugesund journalistlag at årets mottakar av denne prisen har, og det er ei stor glede for meg å få annonsera at årets heiderspris går til 

Hilde Vormedal Nybø

 

Hilde Vormedal Nybø i samtale med Karen Hesseberg.

 

Lars Slettebø har illustrert diplomet