Artikkelen er mer enn ett år gammel

“Kopi-pengar” frå Norwaco til 298 journalistar

Nesten 300 redaksjonelle medarbeidarar fekk før jul utbetalt vederlag for fjernsyns- og radioprogram som er mykje kopierte av privatpersonar. Totalt har NJ delt ut ca 2 millionar kroner.

Privatkopieringsvederlag frå Norwaco vart lyst ut i september. Pengane kjem frå opphavsrettsorganisasjonen Norwaco, som får pengar over statsbudsjettet. Pengane skal delast ut til personar som har bidrege til å lage radio- eller fjensynsprogram eller musikk som blir kopiert til privat bruk. Kopieringa skjer først og fremst som podcast for radio og via PVR-boksen for fjernsynet sin del. 20 medlemsorganisasjonar i Norwaco deler ut pengar frå ordninga, blant andre Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening. Den aller største summen hamnar hjå Norsk Skuespillerforbund.

Årets søkarar har motteke mellom 1000-20 000 kroner i vederlag for program som vart sende i 2019. Storleiken på vederlagssummen heng saman med kor mykje det aktuelle programmet har vore kopiert til privat bruk.

Blant dei mest kopierte programma i 2019, var Brille, Farmen og Farmen kjendis, og The Voice – Norges beste stemme.

I juni 2021 vil Norsk Journalistlag opne for søknader om privatkopieringsvederlag for program sendt i fjernsyn og radio i 2020. Følg med på nj.no for informasjon og framgangsmåte når det byrjar å nærme seg.