Artikkelen er mer enn ett år gammel

Landsmøtet skal velje landsstyre, kontrollkomité og valkomité

Her kan du sjå kven som ikkje ynskjer ein ny periode i landsstyret

På landsmøtet til NJ i mars skal det veljast ny leiar og nestleiar – begge heiltidsverv.

I tillegg skal det veljast 13 andre medlemmer av landsstyret og åtte varamedlemmer – dei sist i prioritert rekkefølgje. Første vara møter fast i Landsstyret.

Landsmøtet vel også kontrollkomité (leiar, to medlemmer og ein vara) og valkomité (leiar, seks medlemmer + personlege vara for alle sju).

I det sitjande landsstyret har følgjande fråsagt seg attval:

  • Hege Iren Frantzen, NRK Nyheter
  • Henrikke Helland, TV2
  • Brit-Ellen Negård, Glomdalen
  • Dennis Ravndal, NRK Nyheter
  • Silje Bratland Roksvåg, Agderposten
  • Sonja Evelyn Nordanger, Aller
  • Guro Gulstuen Nordhagen, student (vara)

I løpet av perioden har Even Skårberg Aarnes (NRK Telemark) gått ut av landsstyret. Det same gjeld varamedlem Jathushiga Bridget Rajah (LO-media).

Ingen i Kontrollkomitéen har fråsagt seg attval.

Ingen i valkomitéen har fråsagt seg attval, men i løpet av perioden har Lene Svenning gått ut av valkomitéen.