NRK Rogaland fekk NJ Haugesund sin hovudpris

Podkastserien «Øyeblikket» blei premiert med den gjeve hovudprisen under den årlege Vinterkonferansen til NJ Haugesund. 

Journalist Gisle Jørgensen har over fleire år jobba med å utvikle ideen om ein podkastserie. Den fekk form då han fann sitatet: «Du husker ikke dager, men øyeblikk.» Slik enda han opp med ein serie om augneblinkar som har endra liva til menneske.

Juryen trekk fram at podkastserien er gjennomarbeidd, og fortel historier som både grip og held på lyttaren. Sjølv om fleire av hendingane som er omtalte i podkastserien er kjende frå før, klarar journalisten bak serien å setje dei inn i ein større samanheng. Dette får han til mellom anna på grunn av eit godt og grundig forarbeid med kjeldene sine. Podkastserien blei ein suksess, og i sesong to rulla NRK den ut til alle landets distriktskontor. Jørgensens idé er dermed blitt eit nasjonalt konsept. Som vinnar av hovudprisen stikk Jørgensen av med premien på 15.000 kroner.

I tillegg til hovudprisen delte Haugesund journalistlag også ut prisar i kategoriane beste enkeltartikkel/program, beste foto og årets prosjekt.

I kategorien beste enkeltartikkel stakk Gaute-Håkon Bleivik og Jogeir Bigset frå Haugesunds Avis av med sigeren for «Håkons hemmelighet». Artikkelen handlar om Håkon Høines som fortel at han var svært nær å ta livet sitt, men blei stoppa av nære venner. Juryen trakk fram journalistanes gode ivaretaking av kjeldene i ei sak som handlar om eit tungt tema, og god historieforteljing.

Beste foto gjekk til Cassandra Jespersen i Kvinnheringen for biletet «Siv på sofaen». Biletet er teke til saka om Siv, ei pensjonert kvinne som bur i kommunalbustad og har sove på sofaen i halvanna år fordi vindauget på soverommet aldri blir utbetra. Juryen rosa journalisten for å klare å fange essensen i saka i eitt bilete, og samtidig formidle stemninga av å vere oppgitt og motlaus i møte med kommunen.

Årets prosjekt blei «Tesla-saka», av Hilde Vormedal Nybø, i samarbeid med Ingvild Siglen Berger og Kjetil Østrem frå Sunnhordland. Sakene i prosjektet handlar om korleis Tesla fekk byggje ladestasjonar på ein kommunal parkeringsplass. Gjennom grundig innsynsarbeid får journalistane fram fleire problematiske sider ved det som, for mange, kan verke som ei triviell sak.

Årets jury har vore Gerd Margrete Tjeldflåt frå Bergens Tidende, Svein Erik Giskegjerde frå TV2 og fotograf Tor Nilssen.

Her er juryens grunngjevingar i alle kategoriar:

Hovudprisen

«Øyeblikket» – podkast-serie frå NRK Rogaland ved Gisle Jørgensen

Å fortelje historiar er heilt grunnleggjande i journalistikken. Men å fortelje historiar i eit heilt nytt format, er ikkje enkelt.

Årets hovudprisvinnar har utvikla eit konsept basert på ein veldig god idé. Finn ein augneblink i livet til intervjuobjektet som endra alt. Det er breidt nok til å romme ei stor mengde historiar, men vekkjer også umiddelbart interesse.

Journalisten har jobba grundig med førebuingane sine. Med å finne dei rette hovudpersonane, byggje opp ein god dramaturgi, og med å setje intervjuobjektet i stand til å fortelje historia si utfyllande og i detalj. Resultatet er ein podkastserie av høg kvalitet. Som grip og held på lyttaren gjennom episodane. Fleire av intervjuobjekta fortel om hendingar som er delvis kjente frå før, men får i dette konseptet høve til å fortelje meir, og til å vise korleis enkelthistorier passar inn i den større forteljinga om liva deira.

 

Beste enkeltartikkel / program

«Håkons hemmelighet» av Gaute-Håkon Bleivik og Jogeir Bigset (Haugesunds Avis)

Gaute-Håkon Bleivik (Haugesunds Avis) takkar for pris. Foto: Henrik Mundal Andressen.

Årets beste enkeltartikkel er ei sterk historie som er godt forvalta og godt fortalt. Den har ei opning som drar lesaren rett inn i dramatikken, og ei oppbygging som held deg klistra til skjermen eller avissida til siste ord er lest. Heile vegen får vi servert flotte bilete som utfyller teksten. Resultatet blir også løfta av nyttige faktabokser og ei god ekspertstemme.

Då kjelda sjølv melde seg for å fortelje si historie, blei det tatt fleire raske og riktige vurderingar. Journalistane har vore tolmodige og omtenksame overfor hovudpersonen Håkon. Det er viktig når målet er å formidle ei forteljing om nokon som har vore så langt nede som ein kan kome.

Temaet er tungt, men det er likevel ein optimisme i botn. Ved å gi av seg sjølv, håper Håkon at han kan hjelpe andre menneske som strever. Det håper vi også.

 

Beste prosjekt

«Tesla-saka» av Hilde Vormedal Nybø, Ingvild Siglen Berger og Kjetil Østrem (Sunnhordland)

Hilde Vormedal Nybø tok imot prisen. Foto: Espen Brynsrud

Vinnaren av årets beste prosjekt har lagt ned eit imponerande stykke arbeid som engasjerer og provoserer mange. Det begynner som ei enkel sak, men viser seg raskt å ha mange lag. Den nysgjerrige journalisten lar seg ikkje stanse av motgang, men pressar på for å få naudsynt informasjon og avdekke hemmeleghald.

Med fleire og fleire elektriske bilar på norske vegar, vil det bli stadig meir lukrativt å drive ladestasjonar dei komande åra. Difor er det ikkje ei fillesak når Tesla plutseleg får løyve til å byggje ladestasjonar på ein parkeringsplass. Det er også oppsiktsvekkande få som visste om avtalen på førehand.

Saka er formidla tydeleg og forståeleg, men det er den journalistiske metoden som imponerer juryen aller mest. Her er gjennomført ein grundig jobb med kjelder og innsyn, og journalisten pressar på mot avslag og urimeleg sladding. Artiklane har fått fleire politikarar til å kome på bana for å endre inngåtte avtalar. Saka rullar vidare nasjonalt, og vi gler oss til fortsetjinga.

 

Beste foto

«Siv på sofaen» av Cassandra Jespersen i Kvinnheringen

Vinnaren av årets beste pressefoto har blikket for kulissane som møter henne, med uoppreidd dyne på sofa og restar av ei uroleg natts søvn. Fotografen gjør et imponerande stykke arbeid med bruk av eksisterande kunstig lys i tillegg det naturlege lyset frå stuevindauget. Dette rammer fint inn den fortvilte stemninga, der pensjonisten Siv viser resignasjon og motløshet.

Bildet er et stykke dokumentasjon på det alle fotografar strekker seg mot. Et foto som betyr noko. Komposisjon, bevegelse og blikk gjør dette til et særdeles godt bilde som vi kan sjå på, igjen og igjen.

(Cassandra Jespersen var ikkje til stades under prisutdelinga.)