Artikkelen er mer enn ett år gammel

Ørjan Brattetveit er Årets klubbleiar

– Årets vinnar tyr sjeldan til utestemme, men jobbar meir i det stille. Han støttar nedover og sparkar oppover om det trengs. Han er uredd og fritalande i sitt arbeid for kollegaene sine rettar og arbeidsgivar sine plikter.

Ørjan Brattetveit (Avisa Hordaland) fekk fredag utmerkinga Årets klubbleiar 2020.

Juryen skriv i si grunngjeving:

Årets vinnar tyr sjeldan til utestemme, men jobbar meir i det stille. Han støttar nedover og sparkar oppover om det trengs. Han er uredd og fritalande i sitt arbeid for kollegaene sine rettar og arbeidsgivar sine plikter

I eit krevjande år, også av andre grunnar enn koronakrisa, har denne klubbleiaren vore ei klippe i opprørt hav og ei fornuftas røst der det har storma. Han har ikkje berre teke hand om eiga fagforeining, men også teke ansvar for samhald med andre tilsette i verksemda og peika ut kursen vidare.

Han ser utfordringar der andre ser problem og seier ja når andre ville sagt nei. Døra til hans kledeleg rotete kontor er alltid open. Og om kontoret er prega av mildt rot, er det likevel orden i klubbarbeidet. Årets klubbleiar er ikkje berre ein klubbleiar av format. Han er og eit medmenneske som ser og interesserer seg for korleis folk rundt han har det. Som hjelper der han kan, og har eit skarpt blikk for urettferdigheit. Tittelen “Årets klubbleiar” er meint for slike, og er ein fin måte å setja fokus på at det er menneska og arbeidet dei gjer som er drivkrafta i organisasjonen NJ. Vinnaren er ein av desse som syter for at denne drivkrafta er sterk.