Artikkelen er mer enn ett år gammel

Slik gjorde vi det – lokalt

Ny digital foredragsserie byr på innblikk i metoden til fleire prosjekt som har vunne lokale NJ-prisar.

Lokallaga i Norsk Journalistlag står kvart år bak ei rekkje prisutdelingar til den gode journalistikken. Gjennom ein ny, digital foredragsserie har me invitert fleire av prisvinnarane til å lære bort litt av sin metode.

Dei neste vekene kan du følgje korte, digitale foredrag om arbeidet til lokalavisa som fann sin eigen inngang på dekkinga av terroråtaket mot Al-Noor-moskeen og drapet på Johanne Zhangjia Ihle-Hansen (17) i Bærum og NRKs gravegruppe i Nord-Norge sitt arbeid med korona på Hurtigruten, mellom anna.

Ungdomsvolden i Drammen


Onsdag 3. mars kl 9.30 fortel journalist Erik Sergio Auklend i Drammens Tidende om arbeidet med artikkelserien om ungdomsvald i Drammen. Auklend har gjennom artiklane sine vist korleis eit ungt og valdeleg ungdomsmiljø har vakse fram i byen. Auklend fekk NJ Buskerud sin journalistpris for arbeidet sitt.

Her melder du deg på foredraget (gratis!)

Korona og Hurtigruten

Inghild Eriksen og Lisa Rypeng i NRK Troms er ein del av kanalens dybdegruppe i Nord-Noreg. Torsdag 4. mars kl 12 fortel dei om arbeidet med å avsløre korleis leiinga i Hurtigruten forsøkte å dekke over koronasmitteutbrot om bord. I arbeidet med Hurtigruten-sakene har redaksjonen vist korleis regjeringa har tilrettelagt for at Hurtigruten kan drive sosial dumping i norsk farvatn med ein næringsfordel som ikkje har blitt andre aktørar til del. Redaksjonen NRK Troms fekk NJ Nords journalistpris for Troms i fjor for dette arbeidet.

Her melder du deg på foredraget (gratis!)

Manshaus – Den greie gutten

Marie Norum og Erik Tangen i Budstikka fortel om korleis dei laga sin lokale vri på saka då riksmedia rykka ut til Bærum etter terroråtaket på Al-Noor-moskeen i 2019. Dei fekk NJ Akershus’ sin SNUS-pris for saka om “Den greie gutten”, om bakgrunnen og oppveksten til terroristen Philip Manshaus.

Onsdag 10. mars klokka 9 fortel Norum og Tangen om arbeidet med saka.

Her melder du deg på foredraget (gratis!)

Ortopeden

Kari Jeppestøl Arntzen og Christina Cantero er blant journalistane i NRK Sørlandet som har avdekka ei rekkje feiloperasjonar ved Sørlandet sjukehus, utført av ein ortopedisk overlege som ikkje vart kvalifisert ortoped. Gjennom gravearbeid ved sida av løpande nyheitsdekking over fleire år har Arntzen og kollegaene avslørt dei alvorlege sakene. I fjor fekk dei Sørlandets pressepris for arbeidet. Mandag 15. mars klokka 12 fortel dei om arbeidet.

Her melder du deg på foredraget (gratis!)

NJs lokale presseprisar

Norsk Journalistlag løyver kvart år pengar til journalist- og fotoprisar til alle lokallaga bortsett frå NJ Oslo, som ikkje deler ut pris. Mange lokallag, som Telemark, Bergen og Akershus, arrangerer ein prisfest i samband med prisutdelinga, for å kaste ekstra heider og ære over mottakarane.

Lokallaga har ofte eigne statuttar for prisane, men eit viktig prinsipp er at alle som soknar geografisk til området der prisen blir delt ut, kan melde inn bidraget sitt – ein treng ikkje vere medlem av Norsk Journalistlag for å kunne vinne prisen. Prisane kan imidlertid berre delast ut for redaksjonelt arbeid.

Nokre lag, som NJ Agder, deler ut prisar i mange kategoriar, og har fått inn ekstra finansiering av prisane frå lokale mediehus. Norsk Journalistlag løyver 5000 kr til ein journalistpris og 5000 kr til ein fotopris kvart år.

Dei foreløpig siste prisane som vart delte ut, var prisane som vart delte ut i 2020, for arbeid gjort i 2019. I desse dagar deler mange journalistlag ut prisane for 2020. Både i fjor og i år har mange prisutdelingar vorte digitale på grunn av korona, og det er vårt håp at det gode arbeidet til dei mange prisvinnarane kan nå ut til fleire med denne digitale foredragsserien.

Har du, eller kjenner du, ein lokal prisvinnar som du trur kunne halde eit godt og nyttig foredrag, kan du tipse NJ ved Mari Hauge på mari.hauge (at) nj.no.