Artikkelen er mer enn ett år gammel

Ståle Winterkjær er Årets klubbleiar

Årets klubbleiar sytte for at medlemmar som heldt på å gi etter for arbeidsgjevaren sitt press, orka å stå i det, tok opp kampen og er i jobb i redaksjonen i dag.

Årets klubbleiar vert utdelt til Ståle Winterkjær (Mastiff) under Norsk Journalistlag sin store konferanse for tillitsvalde, NJ Styrkeløft, i Oslo.

Juryen skriv følgjande i si grunngjeving:

Det å vere tillitsvald betyr å gjere mykje ein eigentleg ikkje kan. Du er ein klok samtalepartnar i tjukt og tynt – utan å vere psykolog. Du må av og til gje arbeidsrettslege råd – utan å vere advokat. Du skal støtte medlemmar som opplever sjukdom og kriser og treng hjelp til å forstå rettane sine – utan å vere sosionom.

At nokon tek på seg vervet som klubbleiar og er villig til å gjere desse oppgåvene eit godt stykkje utanfor eigen journalistiske kjernekompetanse, er utruleg viktig. Ja, av og til er ein dyktig tillitsvald heilt avgjerande for utfallet i saker som er eit vere eller ikkje vere for våre medlemmar.

Når innkalling til drøftingsmøte dukkar opp i innboksen og du veit at jobben er i spel … Når du sit der med sjefen på andre sida av bordet og får beskjed om at du ikkje er innplassert … Når du opnar postkassa og finn brevet med oppseiinga …

Det er då du kan prise deg lukkeleg over å ha ein terrier som klubbleiar. Ein som får med seg kva som blir sagt i møta når hovudet er heilt kaos, ein som stiller dei kritiske spørsmåla, ein som forsikrar at for fagforeininga treng du korkje å vere flink eller populær, det held å vere medlem for at NJ står på for deg, ja, ein klubbleiar som føl deg heilt inn i rettssalen om naudsynt. Men aller best: ein som får det til å gå over. Får deg til å tru på deg sjølv igjen, når du eigentleg har gitt opp. Ein som får deg til å stå løpet ut, når du ikkje har krefter att. Ein som er både sta og stødig, og som gjer at du står oppreist i stormen. Og i nokre tilfelle: ein som syter for at du får behalde jobben.

Årets klubbleiar har vore NJ-medlem sidan 2004 og har vore der for kollegaene sine gjennom fleire verv i klubben. Kort tid etter opprykket frå nestleiar til leiar i vår, kom den dramatiske meldinga om at «TV2 hjelper deg» skulle bli eit reint nettkonsept. Det fekk store konsekvensar for dei 25 i redaksjonen i produksjonsselskapet som lagar programmet. Både mellombelse og fast tilsette var i faresona og både sluttpakkar og oppseiingar kom på bordet. Klubbleiaren måtte ta på seg viktige roller i spennet mellom samtaleterapeut og tøff forhandlar.

Årets klubbleiar greidde det heilt strålande. Han sytte for at medlemmar som heldt på å gi etter for arbeidsgjevaren sitt press, orka å stå i det, tok opp kampen og er i jobb i redaksjonen i dag. Og som peikar på klubbleiaren sin som heilt avgjerande for at det enda godt.