Artikkelen er mer enn ett år gammel

Storlaget NJ Nord etablert

Under Svarte Natta-konferansen i Tromsø såg storlaget NJ Nord dagens lys.

Fredag 8. november vart det nye «superlaget» NJ Nord etablert i Tromsø. Det nye lokallaget består av nesten 600 medlemmer frå dei tre nordlegaste fylka, som tidlegare var delt i fire lokallag: Helgeland og Salten, Hålogaland, Troms og Finnmark.

NJ Nord blir leidd av eit styre på åtte personar med journalist Ann-Kristin Hanssen i Fremover som leiar. Følgjande vart valde til styreverv i det nye laget:

Leiar: Ann-Kristin Hanssen, Fremover

Nestleiar: Stian Hansen, Finnmarken

Kasserar: Laila Lanes, NRK Troms

Styremedlem: Anne Gro Gaup, Avvir

Styremedlem: Lars-Richard Olsen, Harstad Tidende

Styremedlem: Vegard Skorpen, Rana Blad

Styremedlem: Kari Skeie, NRK Nordland

Styremedlem: Linda Vaeng Sæbbe, Nordlys

Dei fire gamle lokallaga vil halde fram med å eksistere til årsmøtet 2019-2020. Norsk Journalistlag Nord trer formelt i kraft frå årsskiftet.