Artikkelen er mer enn ett år gammel

Sunniva Knutsen er ny leiar for NJ Sogn og Fjordane

Etter ein runde i tenkeboksen takka Sunniva Knutsen ja til å bli leiar for Norsk Journalistlag Sogn og Fjordane. Grunngjevinga er at ho har sett kor viktig NJ kan vere.

– Journalistlaget har allereie vore veldig viktig for meg i mi karriere, og eg har fått god støtte frå NJ sentralt i vanskelege situasjonar på arbeidsplassen. Organisasjonsarbeid er viktig og eg er audmjuk over tilliten eg har fått som styremedlem og no som leiar, seier Knutsen, som vart samrøystes valt under årsmøtet 4. november.

Ho vart valt inn i styret for første gong i fjor og markerte seg med stort engasjement, mellom anna for planlegginga av aktiviteten i 2020. Styret hadde store planar for arrangement for medlemmane, men 2020 vart ikkje heilt slik som planlagt.

– Situasjonen er framleis ikkje avklart, og vi veit enno ikkje korleis 2021 vil bli. Likevel er eg utruleg spent og gler meg stort til å ta fatt på det nye året med dei flinke kollegaene mine i styret. Vi skal jobbe for å få til aktivitet som medlemmane ønskjer, anten digitalt eller ikkje, seier Knutsen.

TO NYE
Stine Kyrkjebø Johansen (NRK) går ut av styret etter lang og god innsats for lokallaget. Frode Grimelid (Firda) går ut av styret etter eitt år, fordi han ikkje skal jobbe som journalist den kommande tida.

Inn kjem to nye: Øystein Silde Frønsdal (Firda) og Roy Aron Myklebust (Fjordingen).

Ola Weel Skram (porten.no) og Olin Mari Yri (Fjordabladet) er med vidare og vil saman med Knutsen sørge for kontinuitet.

DET NYE STYRET
Sunniva Knutsen (leiar) (på val i 2021)
Olin Maria Yri, Fjordabladet (på val i 2021)
Ola Weel Skram, porten.no (på val i 2021)
Roy Aron Myklebust, Fjordingen (på val i 2022)
Øystein Silde Frønsdal, Firda (på val i 2022)
Varaliste:
Renate Sæle, Sogn Avis
Vidar Gudvangen, NRK
Dag Frøyen, Firdaposten